Lokal | 12. juli 2018

Nynorskbrukarar som hatar Noreg

Lesarinnlegg: Mange vil ikkje skriva nynorsknamnet på landet vårt. Eg meiner folk som trur det er betre å heia på Norge enn å heia på Noreg har misforstått.

Nynorskbrukarar som hatar Noreg
Fredrik Hope er leiar i Norsk Målungdom (foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk Målungdom)
Lesarinnleggtorsdag 12. juli 2018 09:36

«Eg skriv nynorsk, men Noreg – det klarar eg ikkje å skriva!» Mange nynorskbrukarar ser ut til å slita med å stokka om e-en og g-en i bokmålsordet Norge. Bladstyrar Bengt Flaten i nynorskavisa Fjordingen på Nordfjordeid er ein av dei: «(...) vi i Fjordingen meiner at det held lenge å ha eitt namn på landet vårt. Så i Fjordingen si språknorm skriv vi Norge, ikkje Noreg» (Kringom nr. 1, 2017).

Det er berre tøys at eit land berre skal ha eit namn. Den tanken er like uheldig som tanken om at eit land berre skal ha eit språk. Nord-Korea er det einaste landet som påstår det berre har eit språk, og sjølv dei har innbyggjarar som nyttar teiknspråk. Noreg har mange namn på språk som har vore er lenge. Til dømes heiter landet vårt Nøørje på sørsamisk, Norga på nordsamisk, Norja på kvensk og Vuodna på lulesamisk.

Noreg er dessutan namnet med lengst soge og har same gode grunnlag som nynorsk: Det er eit forsøk på å finna eit godt kompromiss som byggjer på dei norske dialektene og dreg banda attende til gamalnorsk. Likevel: Mange spørsmål er viktigare for nynorskframtida enn om du likar Noreg eller Norge best. Problemet er at argumenta for å skriva Norge er like dårlege som argumenta for å skifta til bokmål.

Stikkordet bak Noreg-hatet er vane. Nett som nynorskungar i nynorskland badar i bokmål, badar me alle i namnet Norge. Når me ser Norge mest, vert Noreg det rare.

Det har òg ei god side. Namnet Noreg er eit symbolord for nynorsken. Noko som skil språket ut, gjev det legitimitet og som syner at Noreg er eit fleirspråkleg land – om namnet vert nytta på pass, pengesetlar og grenseovergangar. Med det stikk namnet i seg sjølv hol på førestilinga om at bokmål er det einaste rette. For Noreg er og har alltid vore eit fleirspråkleg land. Namnet Noreg er eit godt middel til å syna fram den nynorske delen av dette mangfaldet.

Oppmodinga mi til Fjordingen og andre nynorskbrukarar er: Skriv nynorsk, skriv Noreg!

Fredrik Hope
leiar i Norsk Målungdom
fredrik.hope@nynorsk.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.