Nysignert Næss avgjorde mot Brann 2
Ny sterk treningskamp av Lysekloster.
Bildeserie:
Førre helg leia Lysekloster 1-0 (mål av Martin Pedersen) i ein bortekamp mot Vidar som enda 1-1. I dag vann Lysekloster over Brann 2 i vinterens første treningskamp på heimebane. Brann 2 enda på 6. plass i 3. divisjon i fjor.
Brann 2 pressa frå start og hadde 2-3 cornerar det første kvarteret, men Lysekloster skapte sjansar frå start til slutt på 2. omgangen. I 10. minutt fekk Even Vetås lausna skot, i 15. minutt var Kittiphong når å heada eit innlegg av Simen Næss i mål og i 27. minutt kom eit hardt og godt innlegg frå venstrekant som Brann 2-keeper glapp.
Men kampens einaste mål kom i 36. minutt. Kittiphon la tilbake til Næss, som fyrte av med venstreslegga og gav Lysekloster leiinga.
Lysekloster overtok presset og auka sjanseproduksjonen før pause, men det blei ikkje fleire mål verken i første eller andre omgang.
– Vi har fokus på det offensive spelet for tida. Vi eit stykke unna godkjent i dag, men vi har så sterke spelarar i bakre rekke at det ikkje blei farleg om Brann 2 hadde ballen ein del, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
– Utover i omgangen kom det seg både offensivt og i defensiv struktur, og andre omgang blei endå betre, synest han.
Lysekloster - Brann 2 1-0 (1-0)
Målskårar: Simen Næss.
Simen Næss er ny spelar på Lysekloster i år.
Laget starta med fire spelarar som førebels er usignerte; Erlend Skagestad, Tobias Henanger, Dino Omerovic og Kittiphong Pluemaji.
Lysekloster: Maciej Raniowski - Nikolai Harris, Damian Garbacik, Denis Ljubovic, Erlend Skagestad - Tobias Henanger, Dino Omerovic, Kittiphong Pluemaji - Even Vetås og Simen Næss.
Innbytarar (alle med speletid): Magnus Eide Tangye, Lars Hadler-Olsen, Erlend Instebø, Eskild Båsen, Denis Antwi, Thorvald Trætteberg, Mads Rakner og Martin Pedersen.
Brann 2: Emil Harloff, Håvar Rinde, Nicholas Marthinussen, Kasper Bordvik, Håvar Kleppe, Sander Marthinussen, Andreas Mjøs, Mikail Maden, David Tufta, Aune Heggebø, Marius Bildøy.
Innbytarar: Adrian Olsen, Erik Krohnstad, Jonas Kristiansen, Erlend Otlem og Jonas Helle.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.