Lokal | 03. mars 2020

Nysteikt tjuvgods

To menn lagde bråk tre plassar i går.

Nysteikt tjuvgods
Politiet fekk nokre rundar mellom Os og Amfi i går. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mars 2020 08:12

Tysdag klokka 15.35 fekk politiet melding om ein mann i 40-åra som nekta å gå frå Amfisenteret sjølv om han er utestengt frå senteret.

– Vektar fekk vedkomande ut før patruljen kom til staden, men kort tid etter kom det to andre oppdrag, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Klokka 16.08 var det ein mann som ropte og skreik på Rema 1000, men vedkomande gjekk frå butikken då personalet ringte politiet. Det er uvisst om dette er same person som han på senteret.

Nekta å betala for pizza

Halvannan time seinare kom det melding frå Pizzabakeren. Då var det ein annan mann som hadde bestilt pizza, men som ikkje ville betala.

– Han hadde berre tatt med seg pizzaen og gått. Dei som jobba der våga ikkje å hindra han.

Vedkomande blei ikkje funnen, så han fekk eta pizzaen sin i fred. Men politiet veit kven det er.

Feilparkering og avskilting

Måndag klokka 14.40 observerte politiet nok ein feilparkert bil på Halhjem. Bilen sto på fortau ved avkøyring til gasstankane, og skal ha blitt obsert på same stad ein gong før, utan at det fekk konsekvens.

I går blei det 900 kroner i gebyr.

Klokka 23.20 måndag kveld kom politiet forbi ein parkert bil aust for Os sentrum. Då dei sjekka den opp, viste det seg at den ikkje er EU-godkjent. Bilen blei avskilta og det blei lagt eit notat i frontruta med informasjon til eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.