Lokal | 23. mai 2012

Nyter dei varme dagane!

Sommaren kom brått på osingane i år, men ikkje bråare enn at fleire slepper det dei har i nevane og stikk til sjøen.

Nyter dei varme dagane!
Sjøen har ikkje blitt så varm enno, men det brydde denne jentegjengen seg lite om. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. mai 2012 22:20

Bildeserie:

Sommarstemning i Vikjo, som for tida blir rusta opp. (Foto: KVB)
Sommarstemning i Vikjo, som for tida blir rusta opp. (Foto: KVB)
Bading høyrer med når temperaturen ligg rundt 25 gradar. (Foto: KVB)
Bading høyrer med når temperaturen ligg rundt 25 gradar. (Foto: KVB)
Desse fine nausta blir nok mykje brukt om sommaren held fram som dette. (Foto: KVB)
Desse fine nausta blir nok mykje brukt om sommaren held fram som dette. (Foto: KVB)
Solplattingen utanfor Oseana og Færingen er allereie populær. (Foto: KVB)
Solplattingen utanfor Oseana og Færingen er allereie populær. (Foto: KVB)
MS Vikingfjord var på tokt i dag. (Foto: KVB)
MS Vikingfjord var på tokt i dag. (Foto: KVB)
Denne karen fekk napp på første kast med floga. (Foto: KVB)
Denne karen fekk napp på første kast med floga. (Foto: KVB)
Os har fleire skuter som er bygd for ein festleg sommar. (Foto: KVB)
Os har fleire skuter som er bygd for ein festleg sommar. (Foto: KVB)
1 av 7

Etter at sola titta fram i helga har det vore samanhengande gult og varmt på vêrkartet for Vestlandet.

Det har fleire hatt glede av denne veka, i Vikjo var det i kveld som ein god julidag, med folk som solte seg og leika med ball på graset, medan gravemaskina gjekk for fullt i den eine enden av fjøra – og unge, spreke jenter på stupebrettet og bra med båtliv i hamna.

Storm.no, som den siste tida har vist seg å treffa best med vêrvarselet for Osøyro, melder opphaldsvêr så langt varselet går, og skyfritt til og med onsdag 30. mai.

Temperaturen skal ligga på rundt 22 gradar på dagtid til og med søndag 27. mai, gå ned til 19 gradar måndag og 14 på onsdag.

Vindstyrken skal halda seg på 3-4 m/s.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.