Sport | 21. mars 2016

Nytræ satsar på full RallyX-Nordic sesong

Med Frode Holte som lagkamerat skal Jarle Nytræ og Circle X satsa for fullt på 2016-sesongen.

Nytræ satsar på full RallyX-Nordic sesong
Circle C-teamet veks med Frode Holte som køyrar og Henning Solberg som støttemannskap. Jarle Nytræ (innfelt) køyrer i år sin første heile sesong. (Privat foto/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mars 2016 20:55

I 2014 tok Jarle Nytræ bilinteressa si til eit nytt nivå og starta eige racingteam. Teamet, som tidleg skifta namn frå DWC Racing til Circle X, blei starta då Nytræ kjøpte tidlegare noregsmeister Frode Holte sin Volvo C30 med 600 hk. Innleigd sjåfør Ole Kristian Nøttveit køyrde bilen.

Les òg: Kasta seg på rallysirkuset

Nøttveit er framleis med i teamet, men det er uvisst om han skal køyra noko særleg i år. Som ny førar har Holte kome inn og blitt del av Circle X.

– Eg er veldig glad for at Frode Holte takka ja til å vera lagkamerat med meg. Vi har vore i lag på fleire løp og kjemien mellom oss er veldig god, Frode har lang erfaring og har hjelpt meg utruleg mykje, seier Jarle, som sjølv har tatt lisens.

– Eg testa litt på Eikås i starten, det gjekk ikkje så veldig bra. Eg blei blant anna slått av Karoline, sjølv om eg hadde tre gongar så stor motor, seier Jarle og ler.

Den unge, men etter kvart så erfarne sambygden Karoline Brievik la Jarle bak seg, men Nytræ lærde fort og var ganske god i nokre av dei tre løpa han køyrde i 2015.

6. plass på Momarken

– Under NM i Trondheim snurra eg på trening i både første og femte sving. Då løpet starta bestemte eg meg for å sleppa dei andre av garde for så å følgja etter og justera farten etter dei framfor meg. Det gjekk betre. Eg låg på 7. eller 8. plass då meisterskapen blei avlyst etter dødsfall i depot.

Så kom Arvika, der Frode Holte vann og Nytræ landa på taket, og Momarken, der Nytræ vann B-finalen og tok 6. plass av 15 startande.

Samtidig var Nøttveit og representerte Circle X internasjonalt, både i Belga og i Sverige.

Solberg som støttemannskap

Med køyrarar, mekanikarar og støttemannskap består Circle X av 8-10 personar. Blant dei er Henning Solberg, som har vore på pallen i fleire VM-rundar.

– Vi møtte Henning Solberg og familien då Henning køyrde den eine bilen vår i 2015 runde 6 i Rallycross VM i Sverige (The Magic weekend). Familien frå Spydeberg går godt i lag med oss osingar, seier Jarle.

– Er det mogleg at Henning også køyrer for deg i år?

– Det er tidleg å seia, men det er ikkje umogleg. Eg er uansett glad for at han har takka ja til å vera med å støtta meg, både fordi han har lang erfaring, men òg fordi han er veldig godt selskap. Han har litt lik visjon som oss, at det går an å ha det veldig kjekt uansett resultat frå runde til runde.

Les òg: Testar bilane sine på isen (med video frå Golsfjellet)

Køyrer RallyX Nordic

Circle X stiller i supercar-klassen (4WD) og har meldt på to køyrarar, Holte og Nytræ, i RallyX Nordic 2016.

Les òg: Norsk invasion när RallyX Nordic fortsätter att växa (rallyx.se)

– EM- og VM-rundane har eit ekstremt nivå, dei nordiske rundane er noko meir overkomelege. Men det ligg opp til bra mediedekning i år, SVT og SVT LIVE (internett) skal følgja rundane i år, er vi heldige blir dei òg vist på NRK.

RallyX Nordiv startar i Skövde 1. mai og held fram med Arvika, Strängnäs, Solvalla og Knutstorp, alle i Sverige, før finale i Skien 8. oktober.

Sjekkar sponsormarknaden

Nytræ har to bilar, men skal i utgangspunktet berre bruka volvoen. Holte har eigen bil. I tillegg har Circle X eigen lastebil til teamet.

– Akkurat no har eg to, men den eine skal seljast.

Det kostar litt å ha rallycirkuset på hjul og Circle X vil ut i sponsormarknaden på jakt.

– Rallycross er eit eventyr å vera med på, anten du tar med familien eller du har tilsette eller kundar med på tur. Motorsport generelt har eit godt miljø og det å vera på løp saman er ei veldig fin oppleving.

– Det største i Norden er når VM-runden går i Sverige, då er det 35.000 som camper ute i skogen og atmosfæren er heilt enorm, fortel Jarle Nytræ, klar for sin første heile rallysesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.