Nytt botnlag fekk svi
Lysekloster slo Bergen Nord 7-0 på bortebane.
Lysekloster tok fredag kveld sin åttande siger i rekka. Kampen gjekk mot Bergen Nord, som rykte opp frå 4. divisjon etter fjoråret, og som ligg nest nedst på tabellen.
Simen August Næss, som har både hattrik og dobbelt hattrick i dei siste kampane, skåra tre mål i går òg. No er toppskåraren i avdelinga oppe i 15 etter ferien.
– Han byrjar verkeleg å likna på gode, gamle Simen, seier trenar Ruben Hetlevik.
Bergen Nord - Lysekloster 0-7 (0-4)
• Simen Næss, som skåra tre mål i førre kamp, opna med 1-0 og 3-0. Innimellom sette Karol Zielinski inn 2-0-målet.
• Midtstoppar Denis Ljubivic la på til 4-0 før pause.
• Damian Garbacik auka til 5-0 fjorten minutt ut i andre omgang, Even Vetås auka til 6-0 før Næss avslutta målfesten i 75. minutt.
– Fokuset vårt er framleis prestasjonane våre og bygging av spelestil, og å å vera lojale mot spelestil og lagkameratar kampane gjennom, uansett motstand, seier Hetlevik etter nok ein kamp mot lag frå nedre femtedel av tabellen.
– Var du nøgd med alt i kampen i går?
– Eg er nøgd med mykje. Førsteomgang var bra, det var òg starten på andre omgang. Men eg ventar mykje, både av dei som startar og dei vi byter inn. Det var ikkje alle som viste det eg ønskte i går.
– Vi har ein veldig sterk benk, og uavhengig av resultat er det dei som presterer som speler den neste. Heldigvis er gutane fokuserte og flinke til å jaga kvarandre og støtta kvarandre i trening, men det var nokre eg hadde venta endå litt meir av i går.
Snart toppkamp
Lysekloster, som er a-poeng med serieleiar før Djerv 1919 har spelt 15. serierunde, tar imot Fjøra på heimebane i neste runde (laurdag kl 15).
Så ventar toppkamp borte mot Djerv.
– Det eg er mest spent på utover hausten er om spelarane held oppe vinnarmentaliteten dei den siste tida har fått mykje ros for. Det handlar om å vera best mogleg kvar dag, seier Hetlevik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.