Nytt firma overtar
Lageret i Ådnadalen er i ferd med å bli overtatt av Nordiske Handelsparker AS.


I september blei det kjent at lageret i Ådnadalen ikkje blir nytt Rema-lager. No er eit nytt Reitan-firma i ferd med å overta som eigar.
- Då det blei klart at Rema ikkje skulle bruka lageret med det første, starta dialogen om å overføra eigedomen til oss, seier prosjektleiar John Mjøen i Nordiske Handelsparker (NHP) til Midtsiden.no.
Har fleire lager
NHP blei etablert i 2006 og har desse eigarane: Reitan Eiendom AS, Ursus Eiendom AS, Persson Norge AS og Heglund Holding AS. NHP har handels- og industrieigedomar over heile landet, blant anna Rema-lageret på Vinterbro og sju lager for Brødrene Dahl.
- Sidan vi i større grad er operative i eigedomsbransjen er det naturleg at vi overtar, meiner Mjøen.
Skal sikra bygget
Dei nye eigarane skal jobba for å fylla lageret med ein eller fleire leigetakarar.
- Vi kjem ikkje til å gjera lageret ferdig før leigekontraktar er teikna. Lageret må nok uansett tilpassast dei som skal bruka det. Men vi skal sikra bygget, så vi får det tett og tørt.
- Korleis skal de jobba for å få leigetakarar?
- Strategi og målsetnadar er ikkje bestemt enno. Når transaksjonen av lageret er ferdig, og vi formelt står som eigar, kjem vi til å jobba med få oversikt over marknaden og bransjar å satsa på, seier John Mjøen frå Nordiske Handelsparker AS.