Kultur | 31. juli 2016

Nytt fritidstilbod i fare for å bli kansellert

Andre stadar i landet er det kø for å vera med, i Os er dei førebels ikkje mange nok til å avvikla Friluftsskulen.

Vidar Øvredal, her under årets MOT-leir, er instruktør under BOFs friluftsskule i Os. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2016 18:56

Fotballskule, handballskule og golfskule er veletablerte fritidstilbod for unge den første og siste ferieveka om sommaren, og i andre skuleferiar.

I fjor, i friluftslivets år 2015, starta Friluftsrådenes Landsforbund eit nytt tilbod, i 2016 kom dette til Os.

Over fire dagar, omtrent innanfor arbeidstida, kan unge frå 7. klasse og oppover, padla kajakk, rappellera og eta utandørs.

Men førebels er det ikkje mange nok påmeldte til det nye tilbodet.

– Vi bør vera minst 12 og har plass til 20. No har vi 3-4 påmeldte, og har utvida fristen, så eg har framleis håp om at vi kan gjennomføra dette, seier Vidar Øvredal.

Den erfarne friluftsmannen, som blant anna hadde årets MOT-leir, er hyra inn av arrangør Bergen og Omland Friluftsråd som hovudansvarleg for leiren i Os.

Med maritimt fokus

Sidan Os er ein kystkommune har Øvredal maritime tema dei fire dagane friluftsskulen skal gå.

– Vi skal padla kajakk minst to dagar, rappellera og køyra tube etter båt.

– Det blir òg litt teoretisk og praktisk kunnskapsformidling, ungdomane skal få læra knutar og litt om bruk av kart og kompass.

Andre stadar, frå Lillesand i sør til Rana i nord, er det kø for å delta på friluftsskule.

– Så glad som osingane er i både båtliv og fjellturar trur eg ikkje det står på viljen, det er nok heller det at ikkje mange nok har fått med seg at friluftsskulen har kome til Os, seier Øvredal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.