– Nytt gras gjev nytt liv
Åtte ballbinger rehabilitert med nytt kunstgras på fire dagar. – Det strøymer unger til banene som har fått nytt gras, fortel Tom Leonsen.
Torsdag ettermiddag starta dei med ballbingen ved barneskulen på Strøno. Måndag formiddag avslutta dei med ballbingen ved Halhjem. I mellom der har seks andre ballbinger, i Småhaugen Borettslag, Os barneskule, Nore Neset barneskule, Søre Øyane barneskule, Hegglandsdalen barneskule og på Kuhnleflaten, fått nytt kunstgras dekke.
– Montøren frå Scansis fortel han aldri har vore med på noko liknande.
– Dette var ny rekord, fortel Tom Leonsen, idrettskonsulent i Os kommune.
Formidable innsats
Det er dei lokale idrettslaga, FAUane og velforeningane som, saman med kommunen, står bak den storstilte rehabiliteringa.
– Du veit når eit anlegg er 10 år gamalt så er det berettiga til å få spelemidler til rehabilitering.
– Desse bingene kom i 2003 og 2004 og var godt slitt, så det det er ei kjærkommen oppgradering.
– Vi såg berre på Kuventræ i fjor når den bingen fekk nytt gras korleis aktivteten tok seg oppatt.
Investerar vel éin million
Kostnaden for kvar av ballbingane ligg på mellom 140 og 160 000 kroner.
– Takka vere det fondet vi oppretta i samband med kommunedelplanen for friluftsliv, idrett og nærmiljøanlegg, så har vi kunna forskuttera spelemidlene.
– Omlag halvparten kjem frå spelemidla, i tillegg har fellesinnsatsen gjort at vi fekk omlag 50 000 kroner i rabatt på kvar av banene, så den økonomiske kostnaden som eigarane må ut med ligg mellom 20 og 50 000 kroner.
– Variasjonen skuldast at nokre har valdt å gjera meir enn berre å skifte dekke.
– Til dømes har det blitt gjort eindel grunnarbeid, mellomanna med drenering, slik at banene skal bli enno betre på dei som hadde litt problem med vatn tidlegare.
Fekk lokal hjelp
Ikkje berre lokal dugandsinnsats har vore med på å få til den samordna, effektive oppgraderinga. Også lokale firma har vore involvert.
– Rolf Knarvik Transport var over til Askim og henta graset og lagra det hjå seg fram til vi skulle rulle det ut no i helga.
– Det har vore ein særs god måte å gjera det på. Då har vi kunne fått transportert ut bane for bane i staden for at vi måtte ha frakta digre konteinare rundt, forklarar Leonsen.
Totalt finnst det 13 ballbingar i kommunen. Dei fem andre er anten allereie rehabilitert, så nye at dei ikkje enno kan få spelemidler til rehabilitering, eller vurderast flytta (Lysekloster skule).