Næringsliv | 14. sep. 2014

Nytt liv i gamalt terreng

Utflytting av smeden og lefsefabrikken førte ikkje til at det blei spøkelsesby i Hesthaugen.

Nytt liv i gamalt terreng
Bjarte Bøe fortel om ein slutta ring når det kjem til eigedomen han med Grunn & Betong AS har kjøpt av Johs Sælen & Sønn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. sep. 2014 08:36

Bildeserie:

Grunn & Betong med stor verkstad og eigen kontorfløy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Grunn & Betong med stor verkstad og eigen kontorfløy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det var godt å få noko anna enn heimekontor, seier Bjarte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det var godt å få noko anna enn heimekontor, seier Bjarte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hallen vil han dela opp, utstyra med nok ein port og leiga ut eine delen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hallen vil han dela opp, utstyra med nok ein port og leiga ut eine delen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også i lefsefabrikken er det nytt liv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også i lefsefabrikken er det nytt liv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lars Petter Andreassen (bildet) starta VA Teknikk saman med Tommy Bakkely i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lars Petter Andreassen (bildet) starta VA Teknikk saman med Tommy Bakkely i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det går mest i grove dimensjonaer hos VA Teknikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det går mest i grove dimensjonaer hos VA Teknikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tomta er på over 7 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tomta er på over 7 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Janne Kyte er ein av to på kontoret. I tillegg har bedrifta fem tilsette ute i felten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Janne Kyte er ein av to på kontoret. I tillegg har bedrifta fem tilsette ute i felten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

I 2012 var Johs Sælen og Sønn AS si storstove i Hegglandsdalen klar, og Bjørn og Tore Sælen kunne flytta gaselleverksemda si frå 400 til 2000 kvadratmeter.

Same år blei den 53 år gamle produksjonen av Vestlandslefsa flytta frå same industriområde ved Valla til Lierne i Nord-Trøndelag.

Men det gjekk ikkje lang tid før begge bygningane hadde fått nye eigarar som flytta rett inn og er i full drift.

Bjarte Bøe med selskapet Grunn & Betong AS «kjøpte eigedomen tilbake» då han flytta inn nesten før smeden var ute, i februar 2013. VA-Teknikk Vest AS planla nytt bygg i Kloppamyra ved Ulvenvegen då dei fann det meir gunstig å kjøpa lefsefabrikken.

Frå Bøe og tilbake

Då Tore Sælen og faren flytta verksemda til Hegglandsdalen sto Bjarte Bøe med Grunn & Betong klar.

– Eg gjekk mykje her og trakka med Tore då vi var små, seier Bjarte, som kjem frå Bøe-garden rett rundt svingen.

Bjarte gjekk rett i lære som entreprenør etter jordbruksskulen og jobba for Magne Midtsæter fram til han brått døydde i 2010. Bjarte kjøpte firma med namn og utstyr og driv vidare med tre tilsette.

– Grunn & Betong blei etablert i 1958 og kjøpte faktisk denne eigedomen av bestefaren min, fortel Bjarte.

Så leigde dei vekk til Johs Sælen før dei selte, og no er det Grunn og Betong som er eigar igjen, eit selskap som no altså er eigd av ein frå Bøe-familien.

Vil leiga vekk plass

Grunn & Betong AS har auka i omsetnad frå 4,7 til 8,0 millionar kroner frå 2011 til 2013.

Bøe fortel om travle og gode tider for selskapet, men den tidlegare smia er likevel større enn han har bruk for.

– Tidlegare hadde vi alt utsstyret i bilane våre og heime. Det var fint å få god plass til både verktøy, brøyteskjer, saltspreiar og kontor.

Grunn og Betong drivt stort sett med grunnarbeid til bustadar, men tar også andre entreprenøroppdrag. Om vinteren er det moking og salting av vegane i Os på programmet.

– Vi har litt meir plass enn vi treng, så eg kjem til å bygga ein ny port og skilja av, så vi kan ta inn ein leigetakar, seier Bjarte Bøe.

Vaks seg ut av Jordmorsvingen

VA-Teknikk Vest AS blei stifta av to tidlegare kollegaer, Lars Petter Andreassen og Tommy Bakkely, i 2006.

– Eg kjem frå Os, men hadde ikkje budd i heimbygda på 20 år då eg flytta tilbake med både familie og nystarta firma, fortel Lars Petter.

VA-Teknikk etablerte seg i Jordmorsvingen, men kjøpte så ei tomt i det nye industriområdet mellom Ulvensletta og Irgenskrysset, i Kloppamyra.

– Vi heldt til i nokre brakker der mens vi planla nybygg. Dei første teikningane førte til ein pris vi syntest var for høg, så vi skulle akkurat til å laga nye skisser då lefsefabrikken kom for sal.

– Lokalet er godt eigna og det blei meir gunstig for oss å kjøpa enn å bygga nytt.

Lett ombygging og litt utleige

Bygningen, som blei reist i 1965, er på 1070 kvadratmeter, fordelt på 530 kvm produksjonslokale, 380 kvm lager, 125 kvm kontor og 35 kvm kjellar. Tomta er på over 7 mål.

– Vi har god plass her, og har nokre krokar vi leiger ut til litt lager for andre bedrifter og butikkar som har utstyr eller sesongvarer dei ikkje har plass til sjølv.

– Men vi har også ein del utstyr, rør og koplingar, som krev plass, så med nye portar i bygget blei det veldig praktisk for oss.

Sjølve kontorlandskapen er førebels uendra, men her driv VA-Teknikk med litt ombygging for å få det meir ope og moderne.

Selskapet, som blant anna har vore med som leverandør i Halhjemsmarka, lagt rørgater til det nye vassreinseanlegget til Os kommune og den store, nye leidningen frå Tøsdal til Nordmarka, har sju tilsette, to på kontor og fem ute i felten. Seks av sju er frå Os.

Selskapet vaks frå 10,4 til 20,1 millionar i omsetnad frå 2011 til 2012.

– I 2013 landa vi på 18, og vi kjem nok til å ligga på rundt 18-20 millionar, litt avhengig av kor tid vi er på større oppdrag og kor tid det er fleire litt mindre, fortel Andreassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.