Lokal | 13. sep. 2010

Nytt liv i gamle hus

Eit tredve-tals menneskje fekk oppleve ei interessant vandring med Åsmund Lien på Kulturminnedagen sundag.

Nytt liv i gamle hus
Andris Hamremandag 13. sep. 2010 07:30

Sundag 12. september var den nasjonale kulturminnedagen. Åsmund Lien og Øyvind Bugge hadde sydd saman ei spennande vandring i Os sentrum under overskrifta "Gamle bygningar med nye funksjonar".

Lien og Bugge fekk 2. plass i konkurranse med 57 bidrag frå heile landet for programmet.

Frå rundveveri til pol og politi
Turen starta ved Irisfabrikken. Egentlig eit litt misvisande namn om vi forsto Lien rett, då det var Rundveveriet som bygde og dreiv virksomhet i bygningen. Iris var varemerket til Rundveveriet.

At det het veveri var visst og litt misvisande all den tid det var stikking dei dreiv med og ikke veving. Men namnet skjemmer ingen og Irisen blei eit sterkt merke både i bygdo og i resten av landet.

- Dei flytta frå byen til Os fordi ein rekna med ei meir stabil arbeidskraft på Os, kunne Lien fortelja.

- Bygningen var opprinneleg to etasjar bygd ferdig i 1953 og bygd i ein stil etter prinsippet "Forms follows functions", fortalte Øyvind Bygge.

Etter kvart kom det ein etasje til, før ein omlag i 2000 bygde 11 leiligheter på toppen.

Halverte reisetida
Neste stopp på rundturen var i mange år eit endestopp. Med Osbanen halverte ein reisetida frå Os til Bergen frå fire til to timar. Dermed fekk bøndene på Os moglegheiten til å selja fersk mjølk til butikkane i byen, ikkje berre foredla produktar.

Stasjonsbygningen på Os stasjon er eit typisk bygg for si tid. Bygd i tre og sveitserstil. Stasjonsområdet besto opprinneleg av stasjonsbygningen, vognhallen, vognverkstaden, godshus, lokomotivverkstad, kolbinge og ei dreieskive for å snu lokomotiva.

- Alt på Osbanen var lite. Sporvidden var smal, vognene var små, stasjonsbygningane var små og lokomotiva var små, fortalte Lien.

- Dreieskiva var bygd slik at dei første lokomotiva passa, men då dei kjøpte nytt lokomotiv var dette for digert til å kunne snu på skiva, dermed blei det til at lokomotivet kjøyrde rett veg den eine vegen, og bakka den andre.

Frå Bahus via Bohus til bokhus
Tredje stopp var området vi i dag kjenner som Os Næringspark, men som frå gammalt av var "Bausen" eller Bahusfabrikken om du vil.

Ingolf Bahus bygde fabrikken på midten av 1930-talet etter at den opprinnelege fabrikken hadde brunne.

- Bahus var òg ei av dei mest kjente merkevarene frå Os i si tid, fortalte Åsmund Lien.

I ei periode dreiv dei og eksport av møblar til mellomanna England.

Bausen som han blei kalla på folkemunne var ei stor industriverksemd i Os med over 100 menneskjer på lønningslista.

Tidleg på 90-talet kjøpte Os kommune eigedomen frå Bahus, men verksemda lot seg ikkje berge og i 97/98 flytta Irisfabrikken sin produksjon inn i lokala før Janus kjøpte dei opp og flytta alt til Espeland. Ei periode hadde også Bohus si verksemd i bygget.

Den dag i dag drives det fortsatt industriverksemd i bygget gjennom Fløysand Tak og ASVO. I tillegg til verksemda til Posten, legekontor, sportsbar og folkebibliotek.

- Møbelindustrien har alltid stått sterkt på Os. Utan at vi veit det sikker kan Osbanen ha vore ein medverkande årsak, då den gjorde det enkelt å frakte gods til og frå bygda, sa Lien.

Gardshus blei herradshus
Sundagens endestopp var det vi i dag kjenner som det gamle kommunehuset og kor Galleri Os held til i dag.

Huset vart opprinneleg bygd rundt 1720 på Moldegaard av kaptein Pritzler og var ein av 5 - 6 sjølveigde gardar i Os.

- Huset er bygd midt i rokokkoperioden og er eit typisk byhus, fortalte Øyvind Bugge.

- Hovudhuset på Ferstad var og bygd i same stilen også der av ein embedsmann som Pritzler.

- I 1884 blei huset merka og plukka frå kvarandre for å bli flytta til Osøyro og bli til herradshus etter initiativ frå Annanias Tveit, fortalte Åsmund Lien.

Fram til 1986 sto det ved sidan av skobutikken til Paul Moberg før det vart "trilla" på jernrøyr til Kyrkjeflaten og plassen det står på i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.