Lokal | 02. juli 2020

Nytt parkeringshus: Må venta med byggestart

Mister sjansen til å grava i sommarferien.

Nytt parkeringshus: Må venta med byggestart
Grusplassen blir i ferien brukt til parkeringsplass. Sånn blir det denne ferien òg, då byggestart blir tidlegast i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2020 06:37

Bjørnafjorden kommune skal bygga parkeringshus under grusbanen ved Os ungdomsskule med kunstgrasbane på taket.

Målet var byggestart i juni, og det gjekk nesten. Anbodsfristen var 16. april, vinnar blei kåra i slutten av mai.

– Vi fekk inn tilbod frå åtte aktørar. Vi fekk inn prisar både over og under det vi har budsjettert med, så det var inga negative overraskingar her, seier prosjektleiar Frankie Taule Gindl.

Samla, med leikeplass på Giskavollen og ombygging av veg og kryss ved barneskulen sin gymplass, er det sett av 72 millionar kroner til prosjektet. Parkeringshus med bane skal landa på rundt 60 millionar.

Ein av dei som deltok i anbodsprosessen har bedt om innsyn i tilbodet kommunen valte som vinnar, ein ikkje uvanleg del av ein anbodsprosess. Denne prosessen tar nokre veker.

– Vi håper å ha alt avklart før ferien. I så fall tar vi kontraktskriving rett over ferien, med håp om byggestart i august.

– Det hadde vore ein fordel å få tatt anleggsarbeidet i sommarferien, mens elevane er vekke og trafikken er låg, men det rekk vi dessverre ikkje.

Det betyr at grusplassen blir tilgjengeleg som parkeringsplass gjennom sommaren.

Omtrent sånn bli innkøyringa. (Skisse: ABO)
Omtrent sånn bli innkøyringa. (Skisse: ABO)

Nesten ein niarbane

I fjor sommar fekk vi sjå nye skisser, i haust hadde Jadakameratene sin siste kamp på grusen (sjå reportasje på BT.no).

  • Parkeringshuset skal ha cirka 154 parkeringsplassar
  • Fotballbanen får eit kunstgrasdekke på 39,4 x 60,67 meter
  • Kunstgraset skal vera granulatfritt utan innfyll
  • Niarbane har mål 40-50 x 58-60 meter pluss tryggleikssone (kjelde; NFF banestørrelser)

Venta byggetid er 6 til 8 månadar.

Rask prosess

Etter at politikarane bestemte seg, gjekk det kort tid å få prosjektet ut på anbod.

Planen var å bygga parkeringshus på Circle K-tomta, men i oktober 2018, etter at bensinstasjon og verkstad var riven, retta ny prosjektgruppe fokus i gamal retning.

I desember same år blei det vedtatt å bygga parkeringshus på grusbanen ved Os ungdomsskule - med fotballbane på toppen.

I mars kom parkeringshuset ut på anbod.

Byggetida er venta å vera 6 til 8 månadar. (Skisse: Konstruksjonsteknikk)
Byggetida er venta å vera 6 til 8 månadar. (Skisse: Konstruksjonsteknikk)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.