Lokal | 17. sep. 2020

Nytt smittetilfelle: Fire frå Bjørnafjorden er smitta på same stad

Kommuneleiinga vil ikkje seia kvar.

Nytt smittetilfelle: Fire frå Bjørnafjorden er smitta på same stad
I haust er 11 innbyggarar i Bjørnafjorden, alle på Os-sida av kommunen, smitta. 10 av dei er smitta i Bergen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2020 07:56

I går fortalte Bjørnafjorden kommune om to nye smitta av covid-19, begge er kvinner i 20-åra.

10 av dei 12 første smitta i haust er i 20-åra. Alle er smitta i Bergen.

I dag kom nummer 11 av 13, ein mann i 20-åra, smitta på same stad som tre av dei andre på same alder, meldt 13. og 16. september.

– Alle dei fire er smitta same stad, opplyser kommunen.

Då kommuneleiinga i går ba innbyggarane skjerpa seg, ville verken smittevernlege Jonas Nordvik Dale eller ordførar Trine Lindborg svara på kva omgjevnadar desse var smitta i.

Det betyr at vi som skal vera varsame ikkje veit om det er ein privat fest, ein tur på kino eller ein arbeidsdag på Kokstad som har utsett desse fire for smitte.

Held på tilrådingane om Bergen

I dag opplyser kommunen at dei forlenger frå 13. til 22. september, tilrådingane for reise til Bergen kommune:

  • Vi oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruka heimekontor så langt det er mogleg.
  • Vi oppmodar til å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla.
  • Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår vi bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand.
  • Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane for arrangement og private tilstellingar.
  • Alle kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune som bur i Bergen, skal så langt det er praktisk mogleg ha heimekontor. Er du i tvil, avtal med næraste overordna.
  • For alle andre kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune, gjeld dagens praksis med oppmøte på arbeidsstad som hovudregel.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no:

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 13 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.