Nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden

Første covid-19-tilfellet på nesten fire veker.

Koronalegevakta tar no rundt 200-300 testar i veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. okt. 2020 10:02

Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.

Smittevegen er førebels ikkje kjend.

– Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar er i gang, melder assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Totalt er Bjørnafjorden kommune no oppe i 28 smitta, 14 i vår og 14 i haust.

Første sidan 17. september

Dagens konstaterte smittetilfelle er det 14. i haust, etter at vi hadde fire månadar utan smitte i bygda.

Førre smitta var òg ein mann i 20-åra, konstatert 17. september. Vedkomande og tre andre i 20-åra blei smitta på same stad.

12 av desse 14 smittetilfella i haust er menn og kvinner i 20-åra.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no:

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 14 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
13. oktober: Mann i 20-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.