Nytt steg for Aurora
Aurora klatrar stadig i stjernehimmelen.
Osingar har hatt ein tradisjon med å gjera det skarpt i Idol på TV2. Eirik Søfteland gjekk som kjent til finalen i 2013 og tok andreplassen.
I kveld entra Aurora Idol-scenen, ikkje i eigen person, men gjennom Marta Elise Klungsøyr då ho framførte Lysefjord-jenta sitt gjennombrot «Running With the Wolves».
Dermed tok Aurora eitt nytt steg på stjernehimmelen. Ikkje som songar, men som låtskrivar, ho blir covra.
Det er ikkje første gong i årets Idol-sesong, men første i finalerundane.
Dommarane likte Marta Elise, men var litt usikre på framføringa.
– Det Aurora har, som du trenger, er å lausrive deg litt, kommenterte Idol-dommer Ina Wroldsen.
Kveldens oppgåve var å framføre songen artistane sjølv hadde ønska at dei hadde skrive. Marta Elise gjekk vidare med sin versjon.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.