Lokal | 21. aug. 2020

Nytt tilfelle av covid-19: – Smitta i ein annan kommune

Fjerde smittetilfelle på 11 dagar.

Nytt tilfelle av covid-19: – Smitta i ein annan kommune
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2020 08:27

Ei kvinne i 20-åra har testa positivt for covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.

Ho har ikkje vore i utlandet, men er nærkontakt til personar busett utanfor Bjørnafjorden kommune som har fått påvist smitte.

Sidan kvinna ikkje har vore i utlandet, har ho heller ikkje vore i karantene.

Assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale, opplyser at alle nærkontaktane til den smitta kvinna i Bjørnafjorden kommune er varsla og vil bli testa i dag.

– Vi har god kontroll på smittesporinga internt i kommunen. Kartlegginga av nærkontaktar utanfor kommunen pågår framleis, fortel Nordvik Dale.

• Les òg: Negativ test treng ikkjebety at du kan gå rett tilbake på jobb (+)

Dette er, utanom soldaten på Ulven, den fjerde smitta i Bjørnafjorden kommune i august.

Totalt er det no 20 bekrefta smittetilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.