Kultur | 04. apr. 2016

Nytt TV-show og nesten utselt USA-turné

I kveld og i morgon speler Aurora utselte konsertar på legendariske The Troubadour, der Guns N' Roses fredag gjorde eit overraskande comeback. Så ventar nytt TV-show.

Nytt TV-show og nesten utselt USA-turné
Aurora er klar for å ta USA med storm. (Foto: Line Møllerhaug)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. apr. 2016 07:41

I dag startar Aurora sin USA- og Canada-turné. 6 av 14 konsertar er utselt.

Både dei tre første, i Los Angeles og San Fransisco, og Minneapolis, Chicago, Montreal, New York og Washington, er alle billettane ribba vekk.

I Portland, Seattle, Vancouver, Toronto, Boston og Philadelphia, skal det vera få billettar igjen.

Turneen startar på The Troubadour, ein legendarisk nattklubb etablert i 1957, som fredag var vertskap for ein konsert mange trudde var ein aprilspøk. Natt til 2. april, til 10 dollar billetten, spelte nemleg Guns N' Roses ein comeback-konsert på The Troubadour, ei veke før det planlagte comebacket, på same scene som dei spelte sin første konsert i november 1986.

På «Conan» om ei veke

I helga blei det kjent at Aurora òg skal vera gjest på nok eit amerikansk talkshow.

I mars var ho hos Jimmy Fallon, tysdag om ei veke stiller ho til intervju og på scenen på O´Briens show «Conan», skriv VG, og viser til Petroleum Records. Også denne gong er det låta «Conqueror» Aurora skal synga.

Aurora er på turné med debutalbumet som kom i mars, «All My Demons Greeting Me As a Friend».

Albumet gjekk rett til topps på VG-lista og heldt topplasseringa i veke 12. I veke 13 ligg albumet på 3. plass.

Roskilde og Bygdalarm

Første konsert i Europa etter turneen i USA og Canada blir 27. april i Stockholm, 7. mai speler ho i Noreg igjen, i Balestrand.

Aurora skal òg spela på Roskildefestivalen i år (29. juni). 2. juli speler ho på Bygdalarm i Øystese.

Les òg: Han serverer lyden av Aurora

Midtsiden følgjer: Aurora

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.