Familien heime i Varåsgrenda. Lilly Mari, Neil-Erik, Kaja Mari og nyttårsbarnet Melina. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nyttårsbarnet heime i Os

Ho skal heita Melina Bakke Thomas, årets første baby i Bergen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Både aktiviteten med å laga til besøk, og smell og hyl frå fyrverkeriet kan ha verka inn. Riene starta kort tid etter at vi hadde vore utanfor huset og ønskt kvarandre godt nyttår, seier pappa Neil-Erik Thomas (27).

«Det blir i alle fall ikkje i natt», rakk han å seia til svigermor, bestemor i beredskap, før sambuaren Kaja Mari Bakke Nordvik (28) ropte og sa at no var riene i gang.

Bestemora blei henta for å vera barnevakt til storesøster Lilly Mari Bakke Thomas, som fyller fem år i februar. Venane som var på besøk gjekk heim. Så tok sambuarparet turen frå Os til Haukeland.

Melina, som den vesle jenta skal heita, blei fødd klokka 05.11. Ho vog 3.690 gram og er 52 centimeter lang.

Gjekk over termin

– Termin var 27. desember, så etterkvart som tida gjekk så snakka vi om at det kunne bli fødsel i januar. Bestefaren var veldig gira på dette med nyttårsbarn, men då ho ikkje kom før klokka 05.11 tenkte vi ikkje at dette kunne vera årets første i Bergen.

BT besøkte familien Bakke Thomas på klinikken 12 timar etter fødselen

Årets første i Noreg var, ifølgje BT, Jenny Leonora Løvåsmoen frå Oslo. Ho blei fødd klokka 00.07.

Stolt og hjelpsam storesøster

Pappa Neil-Erik har vakse opp i Strøno, mamma Kaja Mari Bakke Nordvik vaks opp i Arna og Fana.

– Eg fekk heldivis lokka ho med meg til Os, seier Niel Erik.

Familien bur no i Varåsgrenda.

Allereie tysdag 2. januar kom dei heim. Storesøster Lilly Mari er veldig stolt, men det skal ikkje ha vore problem å senda ho i barnehagen då nyttårshelga var over.

– Ho såg veldig fram til å fortelja dei andre i barnehagen at ho hadde fått ei søster, og hadde med seg avisa så alle kunne sjå bilde.

– Lilly Mari er også veldig hjelpsam, både med å henta ting og, når vi for eksempel har forklart ho at vi må vera varsame med navlen til bayen no i starten, å fortelja dette vidare til besteforeldra.

Tidlege Os-fødslar også i 2015 og 2016

Det er, så vidt vi veit, fleire år sidan årets nyttårsbarn i Bergen var frå Os.

Men det er ikkje lenge sidan osingar fødde på nyttårsaftan.

1. januar 2016 fekk Kari Flatjord og Vegard Bakervik Ekerhovd ei dotter. Ho blei fødd klokka 00.42 og skal det året ha «tatt andreplassen».

Maria Stangeland Lunde og Stian Lunde fekk dottera Hanna 1. januar 2015.

– Vi blei ikkje akkurat slått på målstreken, sa den tidlegare Os-kapteinen om fødselen, som var klokka 22.10 på kvelden.

Fleire saker