Kultur | 31. des. 2015

Nyttårsfest blei stor suksess

500 fylte salen, musikarane leverte, publikum dansa og arrangørane er glade for at osingane kom tidleg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2015 09:17

Bildeserie:

Vesle nyttårsaftan på Nore Neset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gina Aspenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Pogo Pops. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ole Reinert Berg-Olsen sleppte nye namn til Osfest 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

The Rolling Clones. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 14

Osfest sto som arrangør då tradisjonen med konsert vesle nyttårsaftan blei tatt opp igjen.

Etter årevis med suksess i Fjellheim blei det to tilsvarande festar i Oseana før Osøren Blues og Jazzfestival blei lagt ned og den populære vesle nyttårsaftan-festen fekk to år med pause.

– Vi var spente på mottakinga og korleis festen skulle bli når vi satsar i full hall på Nore Neset, men vi ser allereie at dette blir bra, sa Ole Reinert Berg-Olsen då konserten så vidt var i gang.

Gina Aspenes gjekk på scenen rett over klokka 21 og fekk fleire hundre å synga for, klokka 22 passerte publikum 300 og ein god time seinare var det klart at det var selt til saman over 490 billettar.

– Eg er glad for at folk ikkje blei sitjande på vorspiel, men kom tidleg og fylte salen.

– Vi er òg takksame for at Os brannvesen kom og stilte heile vaktlaget som har beredskap som vaktar på festen. Saman med elevar frå ambulanselinja på Os vgs er dei med på å gjera dette til ein trygg kveld, seier Ole.

Godt eigna - godt innreia

Arrangørane hadde rigga 200 sitjeplassar og 15 ståbord mellom baren bakerst og dansegolvet framme ved scenen.

Det fungerte godt. Dei første som kom fekk sitja og dei andre sto godt, med ein plass å kvila glaset. Lokalet har plass til nokre hundre til, men såg heilt ok ut også før det var 400-500 i salen.

– Lyden er overraskande god, den var noko av det eg var mest spent på, seier ORBO.

I tillegg var Symrasalen og kafeen i 2. etasje open som vorspeil- og avlastingsplass.

Strålte frå scenen

Publikum var tydeleg klare for fest, for nokre timar blant andre vaksne mellom jul og nyttårsaftan med born og familie.

Dansefoten var òg klar hos dei fleste, folk svingte seg til Gina sin musikk, song med på Pogo Pops då dei serverte hits frå 90-talet og gjekk i grenseland til av hengslene då The Rolling Clones gav alt etter midnatt.

Før Clones byrja å spela var det fleire som spratt ut på danseolvet allereie under lydsjekken bandet hadde før start.

Arrangør Osfest sleppte òg fem nye namn til festivalen i august 2016.

Her kan du lesa kven som er klare for Osfest neste år.

PS! Politiet melder om null bråk natt til 31. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.