Kultur | 16. jan. 2014

Nyttårskonsert på italiensk

Eirik har lånt seg vekk til Bergen Unge Kammerorkester, på heimebane, og ser fram til duettar med Marianne Juvik Sæbø.

Nyttårskonsert på italiensk
Eirik Søfteland er klar for nyttårskonsert i Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. jan. 2014 22:07

– Vi øver nesten ikkje i det heile tatt før konserten, det er veldig proft, seier Eirik Søfteland.

Idol-finalisten og Skal vi danse-vinnaren har vist breidde før. Søndag skal han synga 7 låtar i Oseana, 3 av dei åleine.

– No har vi øvd to gongar, og så blir det éi øving på laurdag.

– Alt klaffar med éin gong, musikarane er knallflinke og eg ser veldig fram til duettane med Marianne.

Frå opera til pop

Det er Marianne Juvik Sæbø, utdanna songar ved Griegakademiet i Bergen og Royal Academy of Music i London, som står bak konserten.

Dette blir første gong Søfteland syng duett med Sæbø.

– Eg skal blant anna synga på italiensk, nesten opera, det blir utruleg kjekt.

– Men låtane er veldig varierte, frå klassisk til pop. Eg trur publikum kjem til å kosa seg, seier Eirik, og røper at ei Queen-låt er blant innslaga i Oseana søndag.

Bergen Unge Kammerorkester blei stifta hausten 2001 etter initiativ frå unge musikarar med ønske om å utvikla seg innan kammermusikk i samspel med jamnaldrande musikarar i Bergen og Hordaland. Orkesteret er under leiing av fiolinisten Tone M. Birkeland, som til dagleg er tilsett i Bergen Filharmoniske Orkester. Musikarane er i alderen 16 til 25 år, og blir rekrutterte mellom anna frå Bergen Kulturskole, Langhaugen og Kongshaug musikkgymnas, og frå Griegakademiet. Orkesteret fungerer som ein arena der dei unge musikarane får utfordringar både ved krevjande samspel og ved å opptre som solistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.