Sport | 07. mars 2019

Odda trekte seg frå NM-kvalik

Os fekk walkover i første av to kvalifiseringskampar. – Synd, men no har vi putta inn ein ekstra treningskamp, seier Brenne.

Odda trekte seg frå NM-kvalik
Marius Mikkelsen då Os slo Odda 4-0 i kvalifiseringskamp i 2017. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mars 2019 12:22

Mens seks lag frå Hordaland er direktekvalifiserte til årets fotball-NM for menn, er Os blant fleire som må ut i inntil to kvalifiseringskampar.

Første kvalifiseringskamp skulle gått på Kuventræ mot Odda seinast 24. mars, men Odda har ifølgje eigne heimesider trekt laget sitt for å starta på nytt i 7. divisjon. Dei stiller dermed ikkje til kamp mot Os.

– Det er litt synd, vi hadde sett på dette som del av oppkøyringa til seriestart, seier hovudtrenar for Os, Endre Brenne.

– Eg fekk erstatta kampen i dag, vi møter Varegg til treningskamp 27. mars, fortel Brenne.

Os skal òg møta Stord (16/3) og Sotra (6/4) før serien startar mot nettopp Stord heime laurdag 13. april.

Neste kvalifiseringskamp

Os vann 4-0 då dei i 2017 tok imot Odda til NM-kvalifisering.

Dei to klubbane har litt felles historikk; det var 6-1-siger over Odda som var avgjerande då Os i 1973 rykte opp til nest øvste divisjon (og året etter til øvste divisjon).

No står Os med walkover, notert som 3-0, i første kvalifiseringsrunde.

Andre kvalifiseringskamp skal gå i starten på april.

Der møter Os vinnaren av ein av desse kampane:
Stord – Tertnes
Øystese – Bergen Nord
Lyngbø – Trott
Sund – Bjarg
Varegg – Gneist
Vestsiden/Askøy – Arna-Bjørnar
Solid – Fana
Loddefjord – Trio
Frøya – Sandviken

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.