Kultur | 05. apr. 2019

Øde landskap med osing i front

Ørjan Setvik og bandet Øde slapp debutplata si idag.

Øde landskap med osing i front
Øde er i dag ute med debutplata «Landskap». Ørjan Setvik (nummer to frå høgre) set stemninga i det musikalske landskapet til bandet. (Pressefoto) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 05. apr. 2019 13:07

I dag kom bandet med plata «Landskap».

Sjølv om bandet er basert i Bergen, finn du osingen Ørjan Setvik i front.

Setvik er nok for dei fleste mest kjend frå fleire år med filmfestivalar i Os.

Ikkje eitt ord

«Landskap» er debuten til bandet, den er spelt inn i Ødelagt Lyd Studio, miksa i Duper Studio og mastra av Iver Sandøy.

Plata er eit reint instrumentalt album i ein sjanger som vert betegna som introvert rock.

Musikken er ei blanding av postrock, progrock og psykadelia. Stemninga på plata er prega av einsemd, melankoli, varme, vrede, kulde og harme.

Live in Solbakkestova

Bandet hadde sin scene-debut i Solbakkestova under Skulptursymposiet i 2017, og vert seinare å sjå og høyra på Hulen 23.mai og på Inside 7.juni.

Øde består av:

Lars Brokeland (gitar), Torarinn Garlick (bass), Sivert Karlsen (trommer) og Ørjan Setvik (gitar).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.