Også tauebilen hamna i grøfta
Rundt ti bustadar på Heien var innesperra i nesten fem timar.
Bildeserie:
Litt før klokka 14 i dag rykte Os brannvesen ut på melding om pipebrann på Heien.
Sjølve brannen blei sløkt raskt, men bilen med lift kom seg ikkje fram til brannen.
– Vi klarer oss greit utan, men liften er god å ha som plattform på slike jobbar, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Men høgdeberedskapen sleit på glatt og smal veg, og blei ståande i beredskap, med hekken i ein hekk. Mannskapsbilen klarte ikkje å dra den laus, det gjorde heller ikkje tankbilen som kom for å hjelpa.
– Heldigvis hadde vi nok bilar, utstyr og mannskap på utsida av havaristen til beredskap om det skulle oppstå brann andre stadar i bygda.
Bergingsbil måtte berga seg sjølv
Viking kom til staden, ikkje med den tyngste bilen, men nok til å hjelpa. Først måtte den likevel berga seg sjølv.
– Den køyrde opp med fronten først, men då den rygga for å snu hamna også denne i grøfta, fortel ein av fleire skodelystne naboar.
Bergingsbilen måtte bruka vinsj for å taua seg sjølv ut av grøfta.
Så snudde den, rygga opp, tok vaier gjennom ein hekk og i ei talje festa i ei blodbøk. Så drog berginsbilen og mannskapsbilen med kvar sin vinsj.
På vegen igjen etter 4,5 time
– Vinsjane fekk tynt seg godt, og vaieren rauk på mannskapsbilen til slutt. Men då var liften heldigvis så langt ute av grøfta at bergingsbilen klarte resten sjølv.
Det rauk med nokre buskar, og liften grov eit hol i asfalten med kjettingar, men sjølve bilen var uskadd.
– Det er smalt på Heien, vi tar nok ikkje liften med opp der på sånt føre igjen.
Bilen var på vegen igjen klokka 18.36.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.