Lokal | 30. aug. 2011

OHARA - ein "drittsekk" uansett kvar!

LESARINNLEGG, Marie Lunde Bruarøy (H): Eg og Høgre har stor respekt for frykten og engasjementet, som har vore og er, rundt OHARA.

OHARA - ein "drittsekk" uansett kvar!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2011 08:18

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

I innlegg frå Sollia Velforening, dat. 29.08.2011, etterlyser dei spesielt Høgre sitt syn på plassering av OHARA - og vi vi blir spurd om vi vil gå i "parløp" med FrP også i denne saka...

Høgre vil gå sitt eige løp i denne saka, som vi i 12 år har gjort. Høgre har absolutt eigne meiningar og rak nok rygg til å ta eigne val. At vi har hatt eit godt samarbeid i tre periodar har gjeve oss mykje igjen for vår politikk og FrP har gått like mykje i "parløp" med oss som vi har gjort med dei. Vi har begge "tatt og gitt", og difor har det gode samarbeidet vore mogleg.

Som ansvarlege og engasjerte politikarar skal vi styra heile kommunen vår, med alle dei gleder og byrder det fører med seg. Vi skal, samstundes som vi yter daglege tenester, styra økonomien på ein fornuftig måte. Det inneber også å halde lånekostnadene på eit forsvarleg nivå, og sikra at dei kommunale avgiftene held seg på eit leveleg nivå for ALLE osingar.

I og med at vatn- og avlaupsområdet skal styrast ved sjølvkostprinsippet, vil altså konstnaden med byggjing av OHARA belastast alle abonnentar i Os kommune. Difor valte H/FrP å støtta administrasjonen i å vektleggja økonomien 70%.

Det betyr ikkje at vi ikkje brydde oss om konflikt, den same konflikten ville oppstått om vi hadde vektlagt annleis, og det beste alternativet då hadde vist seg å vera Haugsneset eller Lekven. Men det bur folk der òg!

Eg for min del kunne tenkt meg å plassert kloakkreinseanlegget på andre sida av fjorden, eg, men slike "flåsete" tankar er dessverre ikkje eit alternativ.

I vedteken kommunedelplan for avlaup, har eit samrøystes kommunestyre godkjent at Os kommune sitt hovudavlaupsreinseanlegg skal liggja i utløpet av Osdalen, i området Os sentrum-Lekven. Då denne planen var oppe til behandling, førelåg det ingen merknader!

I innlegget frå Sollia Velforening, og for så vidt, som det har vorte antyda frå andre engasjerte velforeningar og enkeltpersonar, verkar det som om den politiske leiinga i Os kommune har ein skjult agenda i OHARA-saka.

Då må eg spørja; kva i all verda skulle det vere?

Korleis skulle det gagne oss på noko måte? Tvert om, i denne saka føler vi at vi sit att med "svarteper".

Klart vi IKKJE YNSKJER å plassere ei utsleppspipe i eit tettbygd strøk eller ved ei badestrand!

Det er jo nettopp difor, etter ynskje frå engasjerte velforeningar og etter at sluttrapporten frå Norconsult låg føre (som konkluderte at det var mogleg), at posisjonen bestilte ei full utgreiing av Liafjell-alternativet.

Det at prossessen har vore lang og tung, er vi alle einige om. At det er vanskeleg å vera lokalpolitikar i slike saker, kan eg skriva under på!

Eg og Høgre har stor respekt for frykten og engasjementet, som har vore og er, rundt OHARA. Beklagelegvis vil ikkje sluttrapporten for Liafjell-alternativet liggja føre før 30. september, som, JA, er etter valet. Men eg kan lova at vi skal gjera ei nøye vurdering før vi
konkluderer, og vonaleg vil Liafjell-alternativet vera eit, både FAGLEG OG ØKONOMISK, godt alternativ.

OHARA-saka kjem til behandling FØR det nye kommunestyret er konstituert, så det er ikkje utenkjeleg at H/FrP kjem med same innstillinga. Det gode samarbeidet held fram til nytt kommunestyre skal konstituerast 25.10.2011.

Det eg undrar på - er korleis opposisjonen vel å stemma i denne saka. OHARA SKAL realiserast - ein kan ikkje, på ein populistisk måte, sno seg unna det!

Marie E. L. Bruarøy
Ansvarleg ordførarkandidat, Os Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.