Tarjei Skeie, Cato Larsen, Gaute Lia og Erlend Moberg står bak Bjørnafjorden Bryggeri (foto: Andris Hamre)

– Øl er lidenskap for oss alle

På nyåret kan du leska deg med kortreist øl frå Bjørnafjorden Bryggeri som i desse dagar er i ferd med å installera seg på Osøyro.

image
Av: Andris Hamre

Dei fem kameratane Tarjei Øiestad Skeie, Cato Larsen, Erlend Moberg, Gaute Lia og Ragnar Finnvik er lidenskaplege ølhunder og ivrige heimebryggarar. No tek dei hobbyen eit steg vidare og startar Bjørnafjorden Bryggeri i Os Næringspark.

– Vi bor jo i bygda, så vi kunne jo like gjerne starta eit bryggeri. Osbygda har mykje god husflid, men den eldste og mest tradisjonsrike, nemleg ølbrygging manglar. Det er vel lite truleg at det har blitt brygga noko særleg øl på komersiell basis på Osøyro før. At det har gått føre seg rundt på gardane på 1200-talet og seinare er nok meir truleg, smiler Skeie.

Ekte lidenskap

Dei fem har leig eit nær 50 kvadratmeter stort lokale i Os Næringspark kor produksjonen vil gå føre seg med 200 liters gjæringstankar.

– Vi er jo alle lidenskapleg oppteken av øl og har vel ikkje brygga så reint få liter i kjellarar og boder dei siste ti åra. No var det på tide å ta det vidare.

– Oppsettet vi installerer her har ein kapasitet på 200 liter sterkøl. Vi vil nok klara å presse ut 350 liter veikøl av det. Målet er å produsera mellom åtte og tolv tusen liter på årsbasis, fortel Larsen.

Ulike ale

Ølet dei vil produsera er forskjellige typer toppgjæra øl, gjerne kjent som Ale og IPA.

– Vi har ikkje førebels moglegheiten til å laga lager som skal gjæra på ein lågare temperatur, men vi skal få til mykje godt og smaksrikt øl for det. Vi må sjølvsagt leggje oss på eit nivå som folk har lyst til å drikka og smaka på, så det blir ikkje av dei brutale smaksopplevingane, men det skal vera høg kvalitet og lettdrikkeleg, men likevel ikkje kjedelig.

Oppstart på nyåret

Før dei kan ta til med den komersielle drifta må ei rekkje løyve på plass.

– Det tek naturleg nok si tid, så vi reknar ikkje med å vera i full sving før i byrjinga av 2018. Men før det så vil vi sjølvsagt køyre nokre batchar med testproduksjon som ikkje vil komma for sal.

– Med eit såvidt lite volum som vi har på tankane, så har vi råd til å testa og eksperimentera oss fram. Vi har nokre oppskrifter som er relativt klare, men er ikkje redd for å gjera noko sprøtt eller litt utanom allfarvei. Treff vi ikkje, kan vi jo berre spyla det på havet og byrja på nytt. Vi har ikkje lyst til å sende noko ut på marknaden som vi ikkje kan stå for, seier bryggjarane.

Lokal distribusjon

I starten tek dei sikte på å få distribuert ølet i lokale butikkar og restaurantar.

– Vi håper jo å få nokre restaurantar og pub-eigarar i Os til å ta inn ølet vårt. Vi leiker også med tanken om å selgje direkte på growlere (store flasker, journ.mrk) direkte frå bryggeriet. Men då er det enno eit løyve som må på plass, så vi får sjå.

Traff med namnet

Bryggeriet traff i disse kommunesamanslåingstider godt med namnet.

– Bjørnafjorden Bryggeri med a, kom det etter kommunesamanslåinga?

– Nei, vi hadde registrert selskapet før det, så vi var nok berre forutsjåande. Håpet er jo at også namnet vil vera med å skapa eit lokalt engasjement rundt det vi produserar.

– Blir det fulltidsjobb på dykk no då?

– Nei, dette er nok eit typisk klassisk "don't quit your day job"-prosjekt. Vi kjem til å nytta ettermiddagene og helgene. Pengene vi tener vil vi pløye tilbake i selskapet for å utvikla det vidare. Det langsiktige håret målet er sjølvsagt å kunne leva av det og å få internasjonal distribusjon, avslutter Cato Larsen med eit smil.

Fleire saker