Sport | 08. juli 2012
OL-klar!
Erik Tysse knuste OL-kravet på heimebane då han gjekk inn på tida 1.21.05.53 på 20 kilometeren sundag. No ventar London!
Andris Hamresundag 08. juli 2012 19:27
Erik Tysse fekk eit fantastisk løp og støtte frå heimepublikummet då han fekk si einaste sjanse til å kvalifisera seg til OL i London sundag.
- Støtten frå osingane i dag var heilt utrolig og løfta meg fram, fortel Tysse etter målgang.
Han måtte gå fortare enn 1.21.45 for å kvalifisera seg og klarte det med glans.
No gjenstår berre at Olympiatoppen tek han ut, noko som med all sannsynlegheit skjer i morgon måndag.
Midtsiden kjem tilbake med meir frå Tysse, trenar Stephan Plätzer og video frå løpet!