Sport | 16. feb. 2009

Olav Skogen blei krinsmeister

Olav Skogen vann krinsmeisterskapen i slalåm i helga, og stikk til NM som beste slalåmkjørar frå Hordaland i klassen 14 til 15 år.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. feb. 2009 09:20

Førre helg vann osingen Olav Skogen Tertnesrennet i Bavallen, denne helga blei det ny siger på Voss.

Fredag kveld var det slalåm, og Olav leia med 0.3 sekund etter første omgang. Andre omgang blei minst like solid, og Samnanger-kjøraren stakk av med krinsmeistertittelen framfor Jarle Brunborg frå Voss (0.24 sek. bak) og Håkon Rognes Knudsen frå Fana Alpin.

Etter to sigrar på rad, og ein 3. plass frå før, enda Olav som beste kjørar i Hordaland i klassen 14 til 15 år.

Laurdag var det storslalåm, og Olav kjørte godt også her. Han hadde god mellomtid i andre omgang, men gjorde nokre små feil i henget som gjorde at han mista pallplassering. Skogen enda likevel på ein fin 5. plass.

Renna i helga var dei siste av åtte kvalifiseringsrenn til hovudlandsfinalen, NM for yngre kjørarar, som blir arrangert på Bjorli i mars.

Hordaland har fire plassar og Olav sikra seg med resultatat i helga ein av desse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.