Ole Bulls veg open igjen
– Det er ikkje lenge sidan sist det raste stein ut i vegen.


Gårsdagens store nedbørmengde prega trafikken mellom Os og Bergen utover ettermiddagen.
• Les òg: – Har brukt ein time frå Skjoldskiftet til Kaland
I Os var Ole Bulls veg over Søvikåsen i forkant stengt med bom.
– Vi opna bommane igjen klokka 09.15, fortel teknisk vakt i Os kommune, Jan Terje Lund.
I 2014 blei det utført arbeid med rassikring i Søvikåsen, men området blir framleis ikkje sett på som heilt trygt når nedbørsmengdene er store.
Denne gong hadde det ikkje rast stein ut i vegen.
– Men det er berre nokre veker sidan sist. I midten av september kom det ned ein god stein. Den landa i grøfta, og den var ikkje større enn at vi fekk den vekk for hand, men den kunne skapt tull i trafikken om den hadde landa ut i vegen.