Lokal | 23. aug. 2010

«Ole Bulls veg» opna

Etter ei høgtidlig markering måndag heter no vegen over Søvikåsen «Ole Bulls veg»

«Ole Bulls veg» opna
Andris Hamremandag 23. aug. 2010 12:03

Bildeserie:

1 av 7

Om det var for å vera først etter opning eller om det var GPS-en som hadde lura trailersjåføren til å legga vegen om «Ole Bulls veg» måndag formiddag er ikkje godt å seia, men overdøve glade ungar frå Lysekloster barnetun klarte han ikkje.

Vakkert spel
Anna Sofia Naurstad frå barnetunet lot seg ikkje stoppa av traileren og delte to av Ole Bull sine flotte verk «I ensomme stunder» og «Seterjentens sundag» med dei fremmøtte.

På Ole Bulls gravferdsdag
Markeringa av det nye namnet på vegen over Søvikåsen fant stad på dagen 130 år etter at Ole Bull blei gravlagt.

Ting tok tid då òg
Ordførar Terje Søviknes fortalte historia om korleis vegen blei til i si tid.

- Det var Ole Bull som tok initiativ til vegen då han kontakta bøndene i Lysefjorden og på Drange på sluten av 1870-talet, kunne Søviknes fortelje.

- Men då, som no, tok ting tid og vegen sto ikkje ferdig før 9 år etter Ole Bull sin død.

Bøndene betalte
Ole Bull hadde lova at han skulle vera med på å finansiera vegen. Då bønden var ferdige med vegen skreiv dei til enka etter Ole Bull og oppmoda ho om å gje eit bidrag. Enka sto for ektemannen sine lovnadar og bidro med 300 kroner av den totale summen på 20 246. Av det betalte det offentlege 1/5.

- Då som no var det brukarane som måtte betala. Ikkje ved hjelp av bompengar, men gjennom pengar og arbeidskraft, kunne ordføraren fortelja.

Elevane fekk ære
Då vegen sto ferdig fekk han navnet «Ole Bulls Vei». Det hette han fram til 2. verdenskrig.

Då elevane ved Lysekloster Barnetun hedra Ole Bull med ei framsyning i vinter nytta dei sjansen og overrakte ein «søknad» om namneskifte på vegen til ordføraren.

- I tillegg til Vidar Meland som har laga bronseplaketten og Christian Brun-Larsen som stadig har vore i meg for å gjere noko meir for å hedra Ole Bull, er det dokker som er elevar ved Lysekloster Barnetun som skal ha æra for at vi står her i dag, sa ordførar Terje Søviknes.

- Søknaden eg fekk frå dokker satte fart i oss og blei handsama på vanleg måte før formannskapet vedtok namneendringa i slutten av april, avslutta ordføraren før han saman med «Ole Bull» i Steffen G. Solemdal sin skikkelse avduka bronseplaketten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.