Sport | 07. sep. 2017

Ole Martin og Norge var nest best i Polen

EM-kvalik neste: Lekven Kolskogen nøgd med speletid og prestasjonar etter nok ein tur med U16-landslaget.

Ole Martin og Norge var nest best i Polen
Troppen mot Ungarn, som Norge vann 3-0. (Foto: Helge Bjørke, fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2017 20:13

Søndag, ein månad etter at han var med på å bli nordisk meister i fotball i turnering på Island, kom Os-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen (16) heim etter ei veke på Syrenka Cup i Polen med U16-landslaget.

– Det var ei god veke med trening og kamp annakvar dag. Vi budde på eit fint spahotell, med eigen bowlingbane, fortel Ole Martin.

– Sjølv om alle vil visa seg frå si beste side i trening, og det er konkurranse om plassane og neste uttak, er det veldig kameratsleg stemning på fritida. Eg hadde med meg litt skulebøker, og eg trur det har gått greit å vera vekke ei veke, seier gymnaseleven.

Eitt tap og to sigrar

Norge leia 1-0, hamna under 1-2, utlikna, men tapte etter at Portugal, som sjølv hadde éin mann utvist, fekk straffe 12 minutt før slutt.

I dei to neste kampane blei det 2-1-siger over Ukraina og 3-0-siger over Ungarn.

– Ifølgje arrangøren si rangering enda vi på 5. plass, fordi vi tapte første kamp, men vi slo alle som var over oss på rangeringa, utanom Portugal, og skulle helst sett at vi fekk sjansen til å møta Portugal éin gong til.

Spelte to heile kampar

Ole Martin spelte frå start og heile kampen både mot Portugal og i 3-0-sigeren mot Ungarn.

– Eg er veldig nøgd med at eg fekk spela to heile kampar. Eg var frisk og skadefri heile veka og føler at eg gjorde det bra.

– No var det kjekt å koma heim og trena på Kuventræ igjen. Det har vore to tap på A-laget mens eg var vekke, og vi er veldig gira på siger over Sotra laurdag.

Neste uttak: EM-kvalifisering

Syrenka Cup var Noreg si oppkøyring mot EM-kvalifiseringa i oktober.

Denne går i Serbia og startar for Norge sin del med kamp mot Hellas 18. oktober.

– Eg er selvfølgeleg spent på om eg får vera med til Serbia òg! Vi gjorde det bra både på Island og i Polen, det hadde vore kjekt å få vera med på å ta Norge til EM.

Etter kamp mot Hellas står Serbia og Gibraltar for tur.

• Les meir om U16-landslaget, og referat frå kampane, på denne sida på fotball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.