Olis og Åsane stoppa Os sin veg i NM onsdag. Rett før kampen fekk han melding om at han var tatt ut i Noreg sin tropp til G17-EM (foto: Andris Hamre)

Olis tatt ut til EM i dag

Onsdag stoppa han Os, i mai skal han kjempa mot Portugal, Sverige og Solvenia i EM.

Av: Andris Hamre

Rett før Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen gjekk ut på Kuventræ-matta onsdag for å møte gamleklubben Os med Åsane, ein kamp gjestane vann komfortabelt 6-1, fekk han beskjed frå landslagstrenar Gunnar Halle at han er med i troppen til EM-G17 i mai.

– Vi har ein tropp som har prestert bra for oss og ein tropp eg trur skal bite godt frå seg i EM, seier Halle til fotball.no.

• Les òg: Møter desse motstandarane i EM

Spelte alle kvalik-kampane

Olis har vore eit fast innslag på det norske laget og var med på å ta Noreg til EM gjennom kvalifiseringa tidlegare i vår.

– Det er alltid godt å få stafestelsen, sjølv om eg rekna med at eg kom til å bli tatt ut. Eg har jo spelt alle kampane i kvalifiseringa, og då skal det litt til for å bli vraka, seier Kolskogen til ba.no

– Målet er å dra ned dit og få spele mykje. Eg tykkjer vi har eit godt lag og trur vi kan overraske mange.

Blir tøft

G-17 landslaget trener på Ullevaal Stadion 30. april, før avreise til England dagen etter. Noreg havna i gruppe med Slovenia, Portugal og Sverige.

– Eg tykkjer det er ei heilt ok trekning. Uansett kven vi hadde møtt, så hadde det blitt tøft. Men eg trur vi har ein moglegheit i den gruppa, så får vi sjå kven som er best. Det blir uansett moro, seier Halle.

Noreg sin tropp

Rasmus Sandberg - Rosenborg
Jørgen Johnsen - Strømsgodset
Harald Martin Hauso - Vålerenga
Jonathan Lein Valberg - Levanger
Helmer Rusten - Stabæk
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Leo Cornic - Vålerenga
Josef Baccay - Lillestrøm
Runar Hauge - Bodø/Glimt
Oskar Opsahl - Vålerenga
Thomas Rekdal - Fredrikstad
Joshua Kitolano - Odd
Sander Christiansen - Brann
Mathias Kjølø - PSV Eindhoven
Harald Nilsen Tangen - Viking
Noah Holm - RB Leipzig
Kornelius Norman Hansen - Southampton
Oscar Aga - Stabæk
Bjørn Mæland - Odd
Kristoffer Askildsen - Stabæk

Slik blir kampane spelt

4. mai klokken 14.00: Portugal - Norge, Walsall FC stadium
7. mai klokken 13.30: Norge - Sverige, Burton Albion Stadium
10. mai klokken 14.00: Norge - Slovenia, Loughborough University Stadium

Kvartfinale: 13. mai
Semifinale: 17. mai
Finale: 20. mai