Noreg G18 på La Manga. Ole Martin øvst til høgre med kapteinsbindet på for første gong. (Foto: Øyvind Evjen/NFF)

Olis kaptein i sin landskamp nr 20

Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen har spelt to gode kampar på La Manga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag, 1,5 år etter debuten på Island (mot Island), spelte den talentfulle osingen sin landskamp nummer 20.

– Eg er takksam for tilliten og all speletida eg har fått, seier Kolskogen.

Han har spelt frå start og mesteparten eller alle minutta av dei fleste kampane, og i alle dei teljande kampane.

No er Åsane-spelaren på tampen av ein 10-dagars treningsleir med G18-landslaget i spanske La Manga.

Kaptein for første gong 

Olis og resten av troppen på 21 kom til La Manga for ei veke sidan.

Fredag spelte dei treningskamp mot Slovakia, som Noreg vann 3-1, i dag blei det 0-0 mot Polen.

– Eit steg fram, meiner landslagstrenar Pål Arne «Paco» Johansen, ifølgje fotball.no.

Kolskogen er einig.

– Vi var gode fredag, men i dag styrte vi heile kampen og burde verkeleg ha klart å skåra og vinna.

Paco er Olis sin nye trenar, og midtstopparen frå Os var i dag kaptein for første gong.

– Var dette for å markera din kamp nummer 20 med flagg på brystet?

– Nei, eg trur ikkje Paco har peiling på at det var min 20. landskamp. Det har i alle fall ikkje vore snakk om det.

– Eg synest det var stas å få kapteinsbindet, og at eg fekk spela frå start og rundt 60 av 90 minutt i begge kampane.

Droppa Xbox

Ole Martin fortel om gode treningsøkter og strålande vêr i løpet av treningsleiren.

Romkamerat på La Manga er, som på fleire av dei tidlegare samlingane, Sander Johan Christiansen frå Bergen.

Dei to er tidlegare lagkameratar på kretslaget, og har spelt saman for Brann sitt G16-lag. No speler Christiansen for juniorlaget til Bundesligaklubben Borussia Mönchengladbach.

– Korleis ligg de an i intern Fifa-konkurranse på denne turneringa?

– Vi har faktisk ikkje med oss verken Playstation eller Xbox. Vi har budd i desse leilegheitene før, og TV-ane er så små og gamle at dei fungerer ikkje. Det blir kortspel i staden.

Neste tre kampar går mot Portugal

Onsdag reiser G18-laget heim, tysdag speler dei mot Portugal.

– Nokre av dei som har vore på samling tidlegare fekk reisa på leir med eliteserielag, så det er fire debutantar i troppen på 21.

– Det meste av speletid er nok planlagt på forhånd, og eg veit ikkje om eg får spela så mykje mot Portugal. Men eg håper det!

Det blir kanskje nye sjansar likevel. Neste samling, så vidt Kolskogen veit, er nemleg i Portugal i juni. Då skal Noreg spela to kampar mot Portugal.

Etter sommaren ventar EM-kvalifisering.

– Skal du på treningsleir også med Åsane?

– Nei, vi skal dessverre ikkje på treningsleir denne vinteren. Det blir mange treningskampar i Vestlandshallen i staden, seier Olis om oppkøyringa til det han håper blir ein comebacksesong etter nedrykket frå OBOS-ligaen i fjor haust.

Fleire saker