Oljenæringa skapar velferd
Lesarinnlegg, Magne Djuvik.
Overskrifta her kan sikkert misforståast. All næringsverksemd er like viktig både for samfunnet og for dei som har arbeid og inntekt derifrå. Likevel er det slik at ingen næring har skapt så store verdiar for fellesskapen som oljenæringa.
Det første oljefunnet på norsk sokkel blei gjort på Balder i 1967.
Sidan har næringa skapt enorme verdiar for det norske samfunnet. I 1967 var det nok ingen som trudde at me 54 år seinare skulle ha eit fond på over 12 tusen milliardar kroner.
Kvart år bruker politikarane våre mykje penger frå avkastninga av dette fondet til å finansiera velferdsgodene me alle nyter godt av.
I 2021 bruker staten 313 milliardar oljekroner for å finansiera statsbudsjettet.
Nokre politikere pratar om at Norge må slutta å leita etter olje. Setta sluttdato for all oljeverksemd.
I tillegg til oljenæringa vil dette råka industrien på land som leverer varer og tenester til oljenæringa. Dette er å kasta Norge og det norske folk ut i fattigdom.
Dei som har lite frå før vil få endå mindre.
Vestland, som har mange sysselsette i desse næringane, vil bli ekstra hardt ramma av fattigdom og arbeidsløyse.
Partiet De Kristne (PDK) vil på Stortinget gjera alt me kan for å styrka denne næringa og den norske velferda.
I Hordaland er me så heldige å ha Tomas Moltu på 1. plassen på Stortingslista til Partiet De Kristne.
Tomas jobba i oljenæringa og kjenner næringa bedre enn nokon.
PDK vil styrkja:
- Arbeidsplassane i Hordaland
- Velferda
- Inntektene til det offentlege
Med Tomas på Stortinget vil både oljenæringa og anna næringsverksemd få trygge på gode rammevilkår.
Vestlendingane vil vera trygge på arbeid og inntekt.
Godt val!
Magne Djuvik
Nr 4 på Stortingslista til Partiet De Kristne.