Lokal | 16. jan. 2012

Oljesøl, bål og tull med heis

Utanom husbrann har brannvesenet i helga tatt hand om oljesøl i Øyane, nattleg bålbrenning og mor og barn som sat fast i ein heis.

Oljesøl, bål og tull med heis
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. jan. 2012 13:05

Fredag blei ventilasjonsanlegget hos Mecmar, bedrifta som held til på Amundsneset på Sundøy, slått av. Då kom det brått ei sterk lukt.

– Det var som om nokon nettopp hadde malt innandørs, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Både søndag kveld og måndag morgon var han på neset under Lepsøybrua på inspeksjon.

Lekkasje frå tank

– Det viste seg at Lerøy har hatt ein stor dieseltank på kaien, og at den har hatt lekkasje. Dette skjedde for ei tid tilbake, så dieselen har nok gått ned i grunnen og blitt vaska ut på springflo før helga.

1 diesel er nok til å forureina 100.000 liten vatn (!). Saka er meldt til både Kystverket og politiet.

– Dei burde varsla oss med det same, sånn dei pliktar å gjera. Då har vi sjanse til å bremsa eller hindra forureining, seier Monsen.

Brente bål om natta

Natt til søndag, litt over klokka 2, fekk brannvesenet melding om bålbrenning på ei adresse ved Byvegen.

– Vi kom fram og fann eit stort bål nær eit hus. Men det var ingen folk der.

Så fekk dei kontakt med huseigar, og det viste seg at det var han som brente bål.

– Vi fekk forklart at det er forbode å brenna bål når det er mørkt, seier varabrannsjefen.

Saka er meldt til politiet.

Sat fast i heisen

Fredag kveld måtte brannvesenet også ut på oppdrag.

– Heisen i Os Næringspark hadde stoppa mellom to etasjar. I heisen sat ei mor og to barn.

Brannvesenet har utstyr til å løysa slike saker sjølv, men tar alltid først kontakt med vaktmeister, om vedkomande er å få tak i.

I dette tilfellet var vaktmeisteren raskt på plass og fekk tatt "omstart" på heisen. Det blei likevel 20 kjedelege minutt på dei tre om bord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.