Oljesøl i Baronselva
Lukten av diesel seig inn i Os sentrum i går kveld.
Fredag i 17-tida fekk Midtsiden melding om diesel-lukt i Os sentrum og spor etter oljesøl i Baronselva.
Brannvesenet blei kontakta og brannsjef Stein Gjøsund sjekka elva som renn under og gjennom sentrum.
– Det er så lite og tynt at det let seg ikkje fanga opp og ryddast vekk, seier Gjøsund.
Lukta var tydeleg og det var lett å sjå at det var oljesøl sjølv om den vesle elva hadde bra vassføring.
Fann ingen lekkasje
– Det har hendt tidlegare, då var overfylt tank på Best-stasjonen årsaka, fortel brannsjefen, som tok turen til bensinstasjonen for å sjekka.
Det foregår graving bak stasjonen, men det har verken vore fylling av tankar den siste tida eller spor etter lekkasje eller liknande. Det sto ein gamal tank bak stasjonen, men heller ikkje denne var det lekkasje frå.
– Eg stikker ned til elva igjen seinare og i morgon, så får vi sjå om det er vekke eller om vi må undersøkja saka nærmare, seier Gjøsund og minner om at ein er pliktig til å melda frå dersom ein er ansvarleg for forureining og at det skal svært lite til for at store vassmengder blir forureina.