Lokal | 05. aug. 2009

Oljesøl i Skeisosen

Politi og brannvesen rykte i dag ut på melding om oljesøl under Strønebrua. Politiet er interessert i tips i saka.

Oljesøl i Skeisosen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. aug. 2009 12:04

Bildeserie:

1 av 4

- Dette er "blue shine", ein tynn film som er vanskeleg å reinska opp, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Han har i dag fått melding både frå båtfolk og bilistar som har observert oljesølet frå brua. I to belte strekk sølet seg frå sør til nord, så langt du kan sjå frå brua.

- Det kan vera lite søl, men 1 liter diesel forureiner 100.000 liter vatn. Dette sølet kan vi ikkje gjera noko med, bortsett frå å melda frå til Bergen havnevesen, seier Monsen.

- Meld ifrå!
Politiet var også på Strønebrua for å sjekka ut oljesølet i dag. Etterpå kjørte dei ned til verkstadane i området, for å høyra om dei veit kvar sølet stammar frå.

- Ingen kjente noko til sølet, seier politibetjent Christine Grindstein.

- Men om nokon har tips i saka er vi interessert. Det er viktig at dei som er uheldig med søl melder frå så raskt som mogleg, legg ho til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.