Lokal | 02. aug. 2012

Oljesøl og feilparkering

Politirapporten: Lastebil lakk olje frå Moberg til Halhjem. Peugeot står trafikkfarleg parkert i Lysefjorden.

Oljesøl og feilparkering
Oljesøl gjer at det kan vera stadvis glatt på Halhjemsvegen mellom Moberg og Halhjem ferjekai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. aug. 2012 09:37

Ein lastebil som har vore innom på Kiwi på Moberg har lagt spor etter seg heile vegen ut til Halhjem.

- Truleg er det ei hydraulisk pumpe på bilen som har røke.

- Dette gjer at det har dryppa olje heile vegen ut til ferjekaien og at det kan vera stedvis glatt på strekninga, åtvarar politioverbetjent Terje Sperrevik.

Trafikkfarleg Peugeot

På Drangsvegen i Lysefjorden står ein Peugeot parkert slik til at det kan oppstå trafikkfarlege situasjoner.

Politiet vil freiste å koma i kontakt med eigaren for å få denne til å flytte bilen til ein litt sikrare posisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.