Oljesøl på E39: – Køyr forsiktig!
– Det er oljesøl mellom Søfteland og Tøsdalskiftet retning sørover, fortel ein innringar til Midtsiden.


Klokka 17.39 fekk Midtsiden tips om såpeglatte vegar.
– Det er oljesøl mellom Søfteland og Tøsdalsskiftet i retning sørover, fortel ein innringar til Midtsiden.
Vedkommande har meldt frå til Vegtrafikksentralen.
– Eg heldt på å krasje. Bilen berre glippa i svingen ved Hetleflåten, og då køyrde eg til og med sakte fordi eg allereie hadde sett oljen i vegbanen.
– Du kan sjå oljefilmen. Alle må køyre forsiktig! Det er glatt, oppmodar tipsaren.
Ein annan tipsar fortel om oljesøl på Moberg, og vidare ut mot Halhjem på E39.
Statens vegvesen opplyser at dei har fått fleire tips om såpeglatte vegar.
– Entreprenør er på veg ut, men vi har ikkje noko klart tidsestimat enno for når vegen er rydda, fortel presseansvarleg til Midtsiden.
Det er uklart kvar oljesølet kjem frå.
– Vi skiltar vegen, og der det er mykje søl, vil vegen bli strødd.
Har du tips i saka? Kontakt oss på 948 05 130 eller tips@midtsiden.no