Omlegging av E39 i kveld
No skal trafikken til og frå Halhjem oppom Ulvenvegen.


Før opning av eit nytt stykke av Ulvenvegen i mai blei det annonsert at delar av E39 blir stengt frå juni og ut året, kanskje lengre.
– No opplyser entreprenøren at dette skjer i kveld, fortel Geir Brekke frå informasjonsavdelinga i Statens vegvesen.
I 21-tida i kveld blir vegen frå Svegatjørn opp til rundkøyringa mellom E39 og Ulvenvegen stengt, mens ny veg mellom Ulvenvegen og E39 skal brukast som omkøyring.
– Det skal ikkje bli stopp i trafikken mens omlegginga pågår, alt skal gjerast heilt klart på omkøyringsvegen før delar av dagens E39 blir stengt.
Vegen blir stengt for at ny veg inn mot Skogafjellstunnelen, med tilhøyrande av- og påkøyring, skal byggast.
Det er førebels ikkje sagt kor lang tid dette arbeidet vil ta, anna enn at omkøyringa vil vara fram til vinteren ein gong.
• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal