Lokal | 02. mai 2018

Omsette for nær 20 millionar

Oseana gjekk med overskot i 2017 etter å ha hatt over 75.000 besøkande.

Omsette for nær 20 millionar
Vel 75.000 besøkande var innom Oseana i 2017 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. mai 2018 13:23

Oseana Kunst og Kultursenter leverte i 2017 gode resultat. Årmeldinga som skal handsamast i formannskapet neste veke syner at kulturhuset gjekk med 138.795 kroner i overskot etter å ha omsett for 19.707.989 kroner.

– Oseana kunst- og kultursenter har vore gjennom nok eit godt driftsår, slår styret fast.

Kulturhuset fekk i 2017 tildelt 6,377 millionar frå Os kommune for å dekkje husleige for Os kulturskule, tilskot til leige av øvingrom for faste leigetakarar, tilskot til lokale lag og foreiningar si leige av konsertlokale i Oseana og 300.000 øyremerkte til vedlikehald av huset.

75.000 besøkande

Årsmeldinga viser at 75.593 har vore innom dørene i løpet av 2017.

Dei fordeler seg slik:
• Selde kulturbillettar: 25925
• Griegsamlinga: 8900 (anslag grunna gratis inngang)
• Kinobillettar: 6615
• Grupper (konferansar, event, lukka lag): 6955
• Os kulturskule, brukarar: 17000 (anslag ihht elevtal)
• Friskunst - skuleprosjekt: 1500
• Lokale lag og foreiningar, brukarar: 9000 (anslag)

– 2017 var sjette driftsåret til senteret og vi opplever at drifta har sett seg. Kulturtilbodet til publikum er variert, og besøkstala gode med over 75.000 besøkande. Dette inkluderer også aktivitet i regi av Os kulturskule og friviljuge lag- og organisasjonar som nytter Oseana til øving. I tillegg kjem gjestar i restaurant, samt tilfeldig besøkande. Styret opplever at samarbeidet med dei ulike aktørane som nyttar Oseana i kvardagen som godt.

Aktivitetsanalysa viser ein liten nedgang i selde billettar i 2017 samenlikna med 2016, men at det elles er ganske stabilt.

– Tala må sjåast i samanheng med dei generelle konjunkturane i marknaden.

Eit av områda kor ein har sett nedgang er på kinodrifta, kor besøkstala i 2017 var 9,1% lågare enn i 2016. Til samanlikning var det på landsbasis ein nedgang på 20,3% frå 2016 til 2017.

273 arrangement

Årsmeldinga syner også at det har vore 273 ulike arrangement i løpet av 2017. 110 av desse ulike kulturarrangement, 10 utstillingar i Hvelvet/Griegsamlingen, 45 kinoframsyningar og 108 kurs, møter og eller lukka selskap.

– Oseana har framleis utviklingspotensiale i høve event, møter og kurs, konkluderer styret som i samband med rullering av strategiplanen vil oppretthalde fokuset på den komersielle drifta av Oseana samstundes som ein tek vidare steg for å styrka oseana sin posisjon som eit regionalt kulturhus for heile Bergensregionen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.