– Omsorg framfor avstand
Ønskjer ungane velkomen tilbake med eigen musikkvideo.
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Måndag 20. april skal barnehagar og 1. til 4. skuletrinn i gang igjen etter å ha vore stengt i over ein månad. Styrar i Espira Kuventræ barnehage, Christine Dalland Larsen gler seg til å starta igjen.
– No saknar eg både borna og alle dei tilsette. Eg tenkjer at dette skal gå bra, no må vi høyra på kva myndigheitene og FHI seier og forholda oss til det.
– Torsdag 16. april får vi veta meir om eventuelle nye retningslinjer i forhold til drifta, seier Dalland Larsen.
Omsorg foran avstandar
I samfunnet ellers er det strenge krav om å halda avstandar og til mengda personar som kan samlast. Kva råd og retningslinjer barmehagane får er Dalland Larsen enno litt usikker på, men barnehagen har førebudd seg så godt dei kan.
– Tiltak som vi har gått gjennom no på førehand er til dømes at vi må jobba i mindre grupper, vera meir ute og sjølvsagt ha svært gode rutinar på både reinhald og organisering. Men at det kan bli utfordringar med avstandar og liknande, er det ikkje noko tvil om, det er born det er snakk om her, og dei treng omsorg og trøyst, sånn er det berre.
– Innan det kjem nye retningslinjer kjem vi til å forholda oss som normalt til bemanningsnorm, pedagognorm og opningstider. I tillegg har vi hatt god kommunikasjon med foreldre, og har oppmoda om at dei som kan halda borna sine heime, om å gjera det, påpeiker Dalland Larsen.
Laga musikkvideo til ungane
Mens ungane har vore heime med foreldre tenkte dei tilsette i Espira Kuventræ at dei ville gleda borna på ein annan måte enn vanleg. Dei gjekk saman og lagde rett og slett ein musikkvideo med eigenskriven tekst på kjent melodi.
– Eg må berre få rosa mine flotte kollegaer, dei er heilt fantastiske. Måndag i førre veke fekk dei eit lite spørsmål om dei kunne tenkja seg å gjera noko alternativt, og samtlege var med og heiv seg rundt, seier barnehagestyraren stolt.
– Vi veit at veldig mange av borna saknar både barnehagen og dei vaksne som jobbar her. Vi tenkte det ville vera kjekt for dei å sjå at vi saknar dei òg.
Videoen vart delt på Facebook og er no sett over 5.000 gongar.
– Det blei uventa god respons og mange fine kommentarar, avsluttar Christine Dalland Larsen.