Omsorgsfulle Os
Leiteaksjonar, Osfest og missekåring med meining er blant dei mest leste sakene på Midtsiden i 2014. Med denne topp 10-lista ønskjer vi deg godt nyttår!
Vi er i ferd med å spasera inn i 2015, eit år som skal by på alt frå byggestart på ny E39 mellom Os og Bergen til internasjonalt gjennombrot for Aurora Aksnes.
Som nettavis har Midtsiden.no eit stort arkiv av ein kavalkade, frå året som snart er over vil vi kort visa deg kva 10 saker som var mest lest i 2014.
Tre av dei fem mest leste sakene er etterlysing og leiteaksjonar. Osingane viser eit stort engasjement når nokon verkeleg treng hjelp.
Vi i Midtsiden er audmjuke og stolte over å kunna vera eit verktøy i krisesituasjonar. Vi er også takksame for den tilliten og dei forventningane lesarane har til oss.
Av omsyn til dei som var involvert eller råka av å sakna nokon, tar vi ikkje desse tre med i topp 20-lista vår.
Vi takkar for året som er gått og ønskjer deg ei fin og trygg nyttårsfeiring!
Mest lest på Midtsiden.no i 2014:
1. – Den blei for drøy (lest 7.266 gongar)
Søviknes kasta seg på badebølgja for å sleppa å gå på Lysekloster-kamp i Os-drakt. Utfordra av Mats Cato Moldskred.
2. Vil visa noko som ikkje er plettfritt (6.871)
Etter ein barndom prega av sjukdom og operasjonar stilte Hege Therese Solholm som miss Brun & Blid-kandidat.
3. Jakt utløyste politiaksjon (6.735)
Ikkje alle væpna aksjonar viser seg å fortena like mykje merksemd. Midtsiden var raskt på staden då det blei meldt om skyting på Kuventræ, men det heile viste seg å vera lovleg jakt på småfugl i eit skogholt.
4. Dancing in the rain (6.641)
Osfest blei søkk våt.
5. Ordna ny russebuss på éi natt (6.625)
Garasjekunstnar Marete Lund Bakke redda russ etter brann i buss.
6. Bussjåfør blei angripe - hamna i autovernet
7. Kappa handa rett av
8. Den dyraste i Os
9. Tatt i 138 km/t i 50-sona
10. Vann forside på FHM