Ønsker hjartestartar
I formannskapet kom ønskje om hjartestartar på Luranetunet og oversikt over kor ellers i bygda det finnest. Her er oversikta.
I politisk kvarter under formannskapet tysdag tok Kristin E. Haukeland (Ap) til ordet for at ein burde skaffa ein hjartestartar til Luranetunet.
- Det er mykje folk som er innom der både på vitjing og for å nytta til dømes bassenget.
- Taxibua, kommunetorget og andre stader i bygda har hjartestartar, burde ikkje også Luranetunet ha ein, undra Haukeland.
Ho fekk full tilslutning frå dei andre medlemmane i formannskapet om at det burde det.
- Administrasjonen kan kanskje ta kontakt med dei velgjerarane som allereie har bidrege med hjartestartarar andre stader i bygda og høyre om moglegheiten for å få ein utplassert på Luranetunet òg, foreslo ordførar Terje Søviknes (Frp).
- Uansett om det blir med hjelp av gode vener eller via dei ordinære budsjetta. Ein hjartestartar skal vi få på plass, lova helsesjef Nils-Petter Borge.
Men kor finnast dei frå før?
Marie Bruarøy (H) fortalte at dei på Vedholmen fekk ein i fjor sommar.
- Kanskje det hadde vore ein idè om kommunen hadde ei oversikt over kor i bygda det finns slike, foreslo varaordføraren.
- Dei kunne gjerna utarbeida eit kart der hjartestartarane var teikna inn, supplerte Lars Atle Skorpen (Ap).
For å gjera jobben til kommunen enklare kjem Midtsiden her med oversikta vi laga i fjor sommar då Vedholmen fekk sin. Veit du om fleire plassar det finnst tek vi gjerne i mot tips slik at lista blir så utfyllande som mogleg. Send tilbakemeldinga til andris@midtsiden.no, så skal vi samstundes sørgje for at kommunen får oppdateringa.
- Abo Plan & Arkitektur
- AMFI Os
- Askeladden
- Bjørnefjorden Golfklubb
- Klubbhuset på Kuventræ
- Kongshaug Musikkgymnas
- Legekontor (fleire)
- LHL Os
- Museet Lysøen
- Nore Neset Aktivitetshus
- Os brannvesen, på to av bilene
- Os Gymnas
- Os legevakt
- Os Manuellterapi & Fysioterapi
- Os Pensjonistsenter (tidl. Os eldresenter)
- Os Rådhus
- Os Taxi
- Osbadet
- Oseana
- Osbuss, i seks av bussane
- Sprek og Blid Os
- Søre Neset idrettslag (klubbhus, Bjørnen)
- Søre Neset skule
- Privatmegleren
- Ravneberghaugen rehabiliteringssenter
- Rema 1000 Kuven Stasjon
- Rema 1000 Os
- Rolls-Royce Hagavik
- Ulven leir
- Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)