Lokal | 26. mars 2011

Ønskjer Landsskytterstemnet

Eit samrøysta formannskap ønskjer Landsskytterstemnet tilbake til Os.

Ønskjer Landsskytterstemnet
Andris Hamrelørdag 26. mars 2011 07:18

Saka sto eigentleg ikkje på sakskartet til formannskapet denne veka, men ordførar Terje Søviknes tok temaet opp til ei uformell drøfting.

- Os skyttarlag og deira støttespelarar har invitert til eit møte for å diskutera om vi skal melda vår interesse for Landsskytterstemnet på nytt, forklarer Søviknes.

Tiårsplan

Os har hatt lange tradisjonar for å arrangera landsskytterstemnet kvart tiande år. Sist den store mønstringa med om lag 15.000 besøkande kom til Ulven og Os var i 2002. Mange rekna med at Os også skulle få stemnet i 2012, men Bømoen på Voss "snappa" stemnet på Skyttertinget i Førde i 2008.

- No er strukturen for den komande tiårsperioden ute på høyring, og det er i det høvet skyttarlaget lurer på om kommunen vil vera med på å søka på nytt, seier Søviknes.

Fantastisk mobilisering

- Mitt utgangspunkt er at vi framleis bør vera med å kjempa om stemnet, sjølv om det påfører kommunen nokre kostnadar i samband med stemnet, sa ordføraren.

Responsen i formannskapet var eintydig og samrøystes.

- I den grad Os skyttarlag ønskjer det, så tykkjer eg vi skal støtta dei, sa Eirik Neverdal (TvS).

- Når vi ser kva dei klarte å mobilisera med relativt små offentlege midlar i 2002 så er eg ikkje i tvil om at dei pengane er vel verdt å bruka, heldt Neverdal fram.

Han fekk støtte frå Nils-Olav Nøss (Ap).

- Eg støttar både ordføraren og Neverdal. Det er trist at dei tok avgjerda om å flytta til Voss i 2012. Ikkje minst sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, hevda Nøss.

- På Ulven ligg infrastrukturen klar og mange investeringar blei gjort i 2002. No må dei same investeringane gjerast på Voss i staden for å bruka det som allereie er investert på Ulven, sa Nøss.

Som Neverdal let Nøss seg imponera over den innsatsen og mobiliseringa skytterlaget fekk til sist dei arrangerte stemnet. Han fekk støtte frå Gustav Bahus (Frp) og Jostein Bondevik (Krf).

Om skyttarlaget lukkast med å ta stemnet heim igjen til Os blir det truleg ikkje før i 2022.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.