Lokal | 06. okt. 2016

Ønskjer lysløype i Osmarka

Knutabruo og ny skogsveg opnar for lysløype i Osmarka, argumenterer Peder Fløysand og MDG i eit innspel til kommunen.

Ønskjer lysløype i Osmarka
Knutabruo og ny skogsveg i Osmarka opnar for lysløype meiner Peder Fløysand og Miljøpartiet Dei Grøne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. okt. 2016 07:50

I desse dager kan privatpersoner, lag og organisasjoner koma med innspel til handlingsprogram i kommunedelplan for fysisk aktiviet, idrett og friluftsliv.

Brukamerat Peder Fløysand og Miljøpartiet Dei Grøne har gått saman om å fremje eit felles innspel om lysløype i Osmarka.

– Det er viktig at kommunen klarer å prioritera uorganisert lågterskeltilbod når det gjeld bruk av denne typen budsjettmidlar. Etter at den nye skogsvegen mellom Tøsdal og Nordmarka vart opna, og spesielt etter private dugnadsaktørar fekk bygd Knutabruo, har aktiviteten i Osmarka vekse dramatisk. No er det også lagt opp til ein ny skogsveg i området for å redusera konfliktnivået mellom turgåarar og rideklubben, heiter det i innleiinga i innspelet.

• Les òg: Osmarka som nærfriluftsområde

Ikkje alle klarar å gå på Borgafjellet

I innspelet argumenterar dei vidare for at ikkje alle klarar å ta seg opp på fjella rundt i Os og at dei sentrumsnære områda då er eit godt alternativ.

– Det er mange i bygda som ikkje har kapasitet til å gå på Borgafjellet, men som no har fått langt betre tilgong til turar i skog og mark i sentrumsnære område. Barnehagar og eldre innbyggjarar har auka bruken av området, og turgåarar og joggarar i alle aldre er der stort sett kvar dag.

–Dette er det einaste gjenverande sentrumsnære området vi har att av typen, og vi må forvalta det godt for både noverande innbyggarar og for framtidas innbyggarar. Kommunen må vera varsam med vidare utbygging i tett tilknytning til Osmarka, og vi meiner det er viktig å investera i varig friluftsbruk av området. Osingar er like glad i Osmarka som innbyggjarane i Oslo er i Oslomarka.

På ski i marka

Ei lysløype vil gjera at osingar om vinteren kan sleppa å køyre til Frotveit eller andre stader når det kjem snø. I staden vil ein då kunne nytta Osmarka meiner dei i innspelet.

– Vi går no inn i det mørke halvåret der mange av oss er på jobb frå det er mørkt til det blir mørkt igjen, og det blir vanskelegare å bruka naturen. Dersom ein hadde hatt ei lysløype i Osmarka kunne aktiviteten fortsatt heile hausten og vinteren, og når vi får snø kan innbyggjarane våre spara seg frå å køyra til Frotveit eller liknande for å gå på ski om kvelden.

– Vi har ikkje sjølv oversikt over kostnader og kompleksitet for eit slikt prosjekt, så difor foreslår vi at kommunen set av ressursar til å prosjektera lysløype i Osmarka med mål om vidare finansiering og gjennomføring i seinare budsjettperioder, avsluttar dei brevet med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.