Kultur | 11. feb. 2012

Ønskjer meir intimitet

Salet går bra, men arrangementssjefen skulle gjerne hatt ein litt mindre sal òg. No gler ho seg til Dylan i Oseana.

Andris Hamrelørdag 11. feb. 2012 08:48

Etter ganske nøyaktig ein månad etter at Oseana starta salet på framsyningane i Oseana er arrangementssjef Berit Steen nøgd med ståa så langt, men ser behovet for ein mindre, eller litt meir intim sal.

- Eg liker jo best fulle salar, men kan ikkje forventa det på alle framsyningar, smilar Berit Steen.

- Difor kunne eg ønska meg ein mindre sal til nokra av konsertane der det kjem mellom 100 og 200 publikumarar.

Som ei løysing på utfordringa ser ho no for seg å finna ei løysing der Oseanasalen kan gjerast mindre ved hjelp av gardiner og tepper.

- Eg trur det kan fungera veldig bra. Slik salen er no blir det den beste opplevinga for publikum når det er meir enn 200 i salen.

Bra start

Meir enn 200 får ho i allefall på dei neste framsyningane. Allereie sundag kjem Fargespill kor det er seld omlag 250 billettar.

- Den framsyninga har publikum respondert veldig bra på. Framleis er det plassar, så det er berre å koma.

17. februar blir det damenes aften i Oseana når Christine Koht går på scenen.

- Også den har solgt bra, men dette er framsyninga dameklubben definitivt bør få med seg.

- Vi har henta framsyninga til Os etter dei gode tilbakemeldingane ho fekk i Fana Kulturhus kor knapt eit sete var tørt etter at damene i salen hadde ledd så dei nesten tissa på seg, ler Steen.

Smelta på veg til jobb

Koht blir fulgt av Absolutt Opera før Steen sin eigen favoritt vitjar Oseana i byrjinga av mars.

- Dylan på nynorsk, med Tom Roger Aadland høyrde eg første gong på radioen på veg på jobb.

- Siv Fossåskaret i NRK Hordaland skraut denne karen opp i skyene før ho satte musikken hans på, og eg meiner ho har sine ord i behald, smilar Steen.

Difor bestemte ho seg at han ville ho ha til Oseana. Aadland har skrive om legendariske Bob Dylan sine tekster til nynorsk.

- Før han fekk gjera det, måtte han omsetja tekstane til nynorsk, så ordrett tilbake til engelsk for å få dei godkjend av Dylan sitt management.

- Det gjekk bra, så no må osingane kjenne si besøkelsestid, skryt Steen. (Sjå og høyr ei av Aadland sine låtar i video nedanfor).

Avlyst framsyning

Medan Midtsiden sit og pratar med Steen kjem beskjeden at arrangørane bak Mumitrollet har bestemt seg for å ta framsyninga av plakaten.

- Då blir det ikkje noko Mumitroll i Oseana. Det var synd, slår Steen fast.

Årsaka er at dei har prøvd seg på ein turné med framsyninga, men ikkje fått den mottakinga dei hadde sett for seg.

- Eg er litt overraska over at Mumitrollet ikkje sel, når vi ser korleis billettane til Karius og Baktus har blitt riven vekk, men det er det som er noko av det vanskelegste med denne jobben.

- Kva som sel og kva som ikkje sel veit vi aldri på førehand.

Når det gjeld Karius og Baktus fortel Steen at dei er i dialog med Riksteateret om ei ekstraframsyning.

- Det kjem mellomanna ann på det logistiske, om dei rekk å rigga opp og ned framsyninga og samstundes spele to framsyningar.

- Må sjå den ein gong til

Det var meldinga ho fekk frå ei som kom innom for å kjøpe billettar til "Askeladden på nye eventyr".

- Ho hadde sett Absence si framsyning på Den Nationale Scene og var over seg av begeistring.

- Desse breakdanserane leverer ei fartsfylt og kul framsyning som eg håper treff ei gruppe som det er få tilbud til. Nemleg dei store borna på veg til å bli ungdommar, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.