Lokal | 30. mars 2016

Ønskjer å regulera bustadfelt på Valle

Grunneigaren ønskjer å legga ut reguleringsplan for eit bustadområde på Valle til offentleg ettersyn. Administrasjonen mener den ikkje er klar.

Ønskjer å regulera bustadfelt på Valle
Reguleringsplanen omhandlar dette området vis a vis Borgafjell barnehage (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. mars 2016 13:22

Bildeserie:

Slik ser skissen ut på området som skal husa dei 13 bustadeiningane (ill frå saksutgreiinga)
Slik ser skissen ut på området som skal husa dei 13 bustadeiningane (ill frå saksutgreiinga)
1 av 1
Slik ser skissen ut på området som skal husa dei 13 bustadeiningane (ill frå saksutgreiinga)

Neste veke skal Plan- og bygningsutvalet ta stilling til om dei skal godkjenna at ein reguleringsplan for eit område på Valle blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Planen omfattar 13 bueiningar med småhusbusetnad og 5 einebustadtomter.

Administrasjonen rår politikarane frå å godkjenne utlegginga då dei meiner at planframlegget ikkje i tilstrekkeleg grad synleggjer at god bukvalitet er sikra.

– Sikring av bukvalitet har vore eit sentralt tema undervegs i prosessen. Det er pr. i dag ikkje konkrete utbyggingsplanar for eigedomen, og grunneigar ønskjer difor ikkje å detaljere planen i særleg grad. Plassering av bustader er vist i ein illustrasjonsplan med tilhøyrande 3D teikningar. Planen vart laga etter ønskje frå administrasjonen, for å synleggjere om planframlegget sikrar god bukvalitet i planområdet, skriv administrasjonen til politikarane.

Skil seg for mykje ut

Dei framlagte illustrasjonane bryt såpass mykje med kringliggande bustader at administrasjonen også av den grunn ikkje vil rå at planen blir lagt ut.

– Planavdelinga vil ikkje tilrå godkjenning av den bustadstrukturen som er føreslått i planframlegget, med omsyn til både visuelle og funksjonelle kvaliteter. Visuelt skil føreslått utbyggingsmønster seg frå eksisterande bygde omgjevnader i stor grad. Den repeterande strukturen i bustadene samsvarar ikkje med dei bygde omgjevnadene på staden og vil føre til eit fragmentert landskapsbilde i området.

Planframstillars grunngjeving for val av form, volum og strukturering av bustadar i er i følgje saksutgreiinga sikring av gode soltilhøve.

Tiltakshavar er kjend med administrasjonen sine innvendingar, men ønskjer likevel å få saka lagt fram for politisk handsaming.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.