Lokal | 01. feb. 2020

Ber om tips: Køyrde utfor for å unngå kollisjon

Køyrde utfor for å unngå kollisjon.

Ber om tips: Køyrde utfor for å unngå kollisjon
Politiet rykte ut til Lysefjorden fredag kveld. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. feb. 2020 08:15

Fredag klokka 2.50 fekk politiet melding om utforkøyring nær krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen.

Det var fire personar i bilen, alle var uskadd.

– Førar og dei andre i bilen forklarte at dei måtte vika for ein møtande bil som kom i svært høg fart ned bakken. Dei køyrde ut på eit jorde for å unngå kollisjon, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Den møtande bilen blir skilda som ein mørk, svart eller blå, sedan, truleg av merket BMW.

Bilen som køyrde utfor fekk materielle skader.

– Vi oppretter sak og er interesserte i tips, om nokon har sett ein liknande bil som den som er skildra i dette tidsrommet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.