Lokal | 25. nov. 2015

Ønskjer varig driftstilskot

Osfest ber kommunen vurdera å årleg bidra med 10 % av festivalbudsjettet, over det kommunale budsjettet. For 2016 vil dette utgjera 600.000 kroner.

Ønskjer varig driftstilskot
Osfest 2015 hadde 6000 besøkande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cathrin Valestrandonsdag 25. nov. 2015 14:02

I 2016 er det planar om å utvida festivalen til to dager på hovedarena og ein ekstra dag i teltet, slik at festivalen samla går over tre dagar. For 2016 er budsjettet sett til 6 millioner. I søknaden frå Osfest står det at festivalen opplevde ei dobling av antall besøkende i 2015.

– Vi merka også ei markant auke i talet tilreisende frå samtlege omliggande kommunar, men houvusakleg frå Bergen. Brorparten av publikum var innbyggjarar i Os Kommune, seier Ole Reinert Berg Olsen.

Frivilleg organisasjon

Osfest er blitt registrert i frivillighetsregisteret, og som grasrotmottaker.

– Osfest A/S har gjort ei vedtektsendring som seier at at dersom selskapet blir oppløyst skal midlar som står igjen i selskapet uavkorta gå til veldedige organisasjonar i Os kommune. Det er ikkje mogleg for aksjonærene å ta utbytte. Organisasjonen er dermed som idealistisk organisasjon å rekna, seier Berg Olsen.

I søknaden vert det argumentert for det omsøkte tilskotet.

Både kommunen, innbyggjarane og festivalen treng ei viss føreseielegheit. Vi oppleve ei markant auke i engasjement frå lokale aktørar - og anar at neste års festival kjem til vera endå meir prega av nettopp det vi har ønskt: Osfest som folkefest.

Styrkja familieprofilen

Osfest hadde 6000 besøkende i år.

– For festivalen i år sette vi oss som mål å forsterka vår eksisterende familieprofil, slik at barn og unge også blei inkludert. Vi lukkast med dette arbeidet. Både i 2014 og i 2015 har våre barnekonsertar i Oseana hatt fullt hus, men nytt av i år, var at vi selde en stor andel ungdomsbillettar og registrerte ei massiv auke av barn under 14 år saman med vaksne, som dessutan hadde gratis entré.

Godt omdøme

Samtlege agentar, turnéleiarar og artistar har gjeve oss berre positive tilbakemeldingar.

– Vi rangerer, i følgje dei, over brorparten av andre festivaler i Norge med tanke på kvalitet og gjennomføringsevne. Vi har dermed opparbeidd oss eit fortruleg omdømme som en seriøs aktør i musikkbransjen, og våre utsikter til å få booka kvalitetsartistar i framtida er svært gode.

Positivt næringsliv

Osfest oppleve stor entusiasme og positivitet frå det private næringslivet, med både større og mindre sponsorar. Samla sett bidreg det private næringslivet med cirka 400.000,- i form av bedriftsreklame- og profilering.

Det er ikkje særleg avvik frå 2014 til 2015, og festivalleiinga rekna med at så lenge det finst interesse for festivalen, vil dette talet halde seg nokolunde stabilt.

– Våre eigne kjøp av lokale varer og tjenester utgjer cirka 1,5 millioner kroner. Vi ser at vi er like ved målstreken til å vere økonomisk berekraftige. Vi har snudd eit mindre minus til eit pluss over en periode på tre år, derav to år i full drift.

Rekneskapstala for 2015 er ikkje klare enno, men mykje tyder på at det ikkje vert raude tal å spore på botnlinja.

Avhengig av kommunal velvilje

For at festivalen skal halda fram som ein årleg happening, er Osfest fortsatt avhengig av Os Kommune og privat næringsliv for å kunne drivast.

– Vi er avhengige av kommunen dersom vi skal nå målet som eit ideelt antal besøkjande, noko vi meiner er 8000-10.000 publikummarar totalt. Eit slikt besøkstal burde vere overkomeleg alt neste år.

– Basert på den enorme interessa og engasjementet vi opplever lokalt, ser vi at vi treff godt i høve til kva publikum ønskjer, at vi dekkjer eit behov og at festivalen er sterkt ønska i bygda. Når vi har landa på eit budsjett på 6 millionar for 2016 er dette eit budsjett vi ser at kan gje oss god balanse og ønskt storleik. Auka frå fem millionar skuldast at vi utvidar frå to til tre festivaldager. Vi ser for oss å kunne drive festivalen på eit slikt budsjett i dei komande åra.

– Når vi ser kva samlande, identitetsskapande, engasjerande og kulturell effekt festivalen har, synest det opplagt at den bør bestå for framtida. Vi håpar kommunen delar synet vårt på dette, avsluttar festivalgeneral Berg Olsen.

Midtsiden samleside: Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.