Open dag i ny klubb
I morgon går startskotet for nye Nore Neset Ungdomsklubb.
Responsen har vore veldig god etter at ei foreldregruppe fortalte om planane om å starta ungdomsklubb på Nore Neset.
– Vi er sju personar som sit i ei slags styringsgruppe. Til saman har vi 20 vaksne frivillige, men vi treng fleire, seier Jan Kristian Rokne.
Frå i morgon skal nemleg klubben, som rettar seg mot dei i ungdomsskulealder, ha open to kveldar i veka.
– Dess fleire vi blir dess lettare blir det å setja opp ein fin turnus på dette, seier Rokne.
Playstation og brettspel
Ungdomsklubben kjem til å bruka både fellesareal på skulen og eit lokale i Nore Neset Aktivitetshus til klubbkveldane.
– Den siste fredagen i månaden er det aktivitetskveld for yngre i hallen, så då er det greit om ungdomane er på ein plass for seg sjølv.
– På sikt håper vi å få bruka den nye ungdomsskulen.
Klubben kan by på både airhockey, playstation, brettspel og biljard, og blir gratis å besøka.
Tysdag kveld er det ope hus og første klubbkveld.
Les òg: Startar ungdomsklubb